Jemen, offisielt Republikken Jemen, er eit arabisk land i Sørvest-Asia, sørvest og sør på Den arabiske halvøya. Jemen er det nest største landet på halvøya og dekkjer 527 970 km². Kystlinja er kring 2000 km lang.Daniel McLaughlin Jemen: The Bradt Travel Guide s. 3 Det grensar til Saudi-Arabia i nord, Raudehavet i vest, Adenbukta og Arabiahavet i sør og Oman i aust. Hovudstaden i Jemen er Sana, men opprørarar har hatt kontroll over byen sidan februar 2015. På grunn av dette har regjeringa mellombels flytta til hamnebyen Aden på sørkysten. Jemen har meir enn 200 øyar og den største av desse er Socotra.
Jemen var heimstaden til sabearane (Saba i Bibelen), ein handelsstat som blømde i over tusen år og som truleg òg omfatta delar av dagens Etiopia og Eritrea. I 275 evt. kom regionen under det jødiskpåverka Himjar. Kristendomen kom til landet på 300-talet, medan jødedom og lokal heidenskap alt var etablert. Islam spreidde seg raskt på 600-talet og jemenittiske soldatar var avgjerande for dei tidlege islamske erobringane. Styret av Jemen har lenge vore særs vanskeleg. Fleire dynasti dukka opp frå 800- til 1500-talet, med Rasulid som det mektigaste og mest velståande. Landet var delt mellom Det osmanske riket og Det britiske imperiet tidleg på 1900-talet. Kongedømet Jemen vart oppretta etter fyrste verdskrigen i Nord-Jemen før Den arabiske republikken Jemen vart oppretta i 1962. Sør-Jemen vart verande eit britisk protektorat fram til 1967. Dei to jemenittiske statane vart samla til den moderne republikken Jemen i 1990.
Jemen har vore i ei politisk krise sidan 2011, med protestar i gatene mot fattigdom, arbeidsløyse, korrupsjon og mot president Saleh sin plan om å endra grunnlova for å fjerna avgrensinga av presidentperiodar. I 2015 hadde ein borgarkrig brote ut med fleire grupper som prøvde å ta makta, som det internasjonalt anerkjende Presidentrådet og det øvste politiske rådet til Houthi-rørsla. Konflikten har eskalert til å involvera ulike utanlandske makter, og har ført til ei alvorleg humanitær krise i landet.
Jemen er eit av dei minst utvikla landa i verda, med store hinder mot ei berekraftig utvikling, og er eitt av dei fattigaste landa Midtausten og Nord-Afrika. I 2019 rapporterte Dei sameinte nasjonane at Jemen hadde det høgaste talet på menneske som trong humanitær hjelp – dette gjaldt 24 millionar menneske, eller nær 75 % av befolkninga. I 2024 var Jemen rangert som nummer seks på Fragile States Index, og i 2020 som det nest verste på Global Hunger Index, berre overgått av Den sentralafrikanske republikken. I 2024 var Jemen rekna som det minste fredelege landet i verda av Global Peace Index. I 2025 var det rekna som nummer 184 på Human Development Index.
Etymologi Namnet «Jemen» kan kome av yamin, som tyder ‘på høgresida’, sidan sør er til høgre når ein ser mot soloppgangen. Eit anna mogeleg opphav er yumn, som tyder ‘lukke’, sidan mykje av landet er frodig. Romarane kalla det Arabia Felix (‘Det lukkelege/glade Arabia’) i motsetnad til Arabia Deserta (‘Ørken-Arabia’). Jemen vart nemnd i gamle sørarabiske inskripsjonar som Yamnat. I arabisk litteratur omfattar omgrepet al-Yaman eit mykje større område enn det republikken Jemen dekkjer i dag. Det strekkjer seg frå nordlege Asir til Dhofar.Robert D. Burrowes Historical Dictionary of Jemen s. 145 Rowman & Littlefield, 2010 ISBN 0-81-085528-3«He was worshiped by the Madhij and their allies at Jorash (Asir) in Northern Jemen" William Robertson Smith». Kinship and Marriage in Early Arabia s. 193 ISBN 1117531937
Historie
Antikken Med den lange kystlinja si mellom austlege og vestlege sivilisasjonar, har Jemen lenge eksistert i grenselandet mellom kulturar med ei strategisk plassering i forhold til handel vest på Den arabiske halvøya. Store busetjingar for si tid fanst i fjella nord i Jemen så tidleg som 5000 fvt.Daniel McLaughlin Jemen: The Bradt Travel Guide p.4 Lite er kjend om Jemen i førhistorisk tid og korleis det vart omvandla frå ein gryande sivilisasjon i bronsealderen til eit meir handelsbasert karavanekongedøme. Dette kan kome av at forsking på førislamske sivilisasjonar vert forhindra både sosialt og offisielt i Arabia.
mini|Sabeisk gravstein av ei kvinne som held eit kornband, eit symbol på fruktbarheit i det gamle Jemen.
Det sabeiske kongedømet oppstod frå minst 1000-talet fvt. Det var fire store kongedøme eller stammeforbund i Sør-Arabia: Saba, Hadramout, Qataban og Ma'in. Ein trur Saba er det same som Saba i Bibelen og var det viktigaste forbundet. Dei sabeiske herskarane tok tittelen mukarrib, som ein trur tyder «samlar», eller ein «prestekonge», eller overhovud for forbundet av sørarabiske kongedøme, «kongen over kongar». Rolla til mukarriben var å føre dei forskjellige stammene saman under kongedømet og leie dei.Daniel McLaughlin Jemen: The Bradt Travel Guide p.5 2007 Sabearane bygde den store Marib-dammen kring 940 fvt. Dammen vart bygd for å motstå flaumar som oppstod nedover dalen kvar år.
Mellom 700 og 680 fvt., dominerte Kongedømet Ausan i Aden og området rundt og utfordra herredømet til Saba i Sør-Arabia. Den sabeiske mukarriben Karib'il Watar I erobra heile riket til Awsan og utvida det sabeiske herredømet til det meste av Sør-Arabia. Mangel på vatn på Den arabiske halvøya hindra sabearane frå å samle heile halvøya. I staden oppretta dei forskjellige koloniar for å kontrollere handelsrutene. Ein har funne spor av sabeisk påverknad nord i Etiopia, der det vart innført sørarabisk alfabet, religion og panteon og sørarabisk kunst og arkitektur. Sabearane skapte ei identitetskjensle gjennom religionen sin. Dei tilbad El-Maqah og trudde dei var born av han. I mange hundreår kontrollerte sabearane utgåande handel over Bab-el-Mandeb, eit sund som skil Den arabiske halvøya frå Afrikas horn og Raudehavet frå Indiahavet.
På 200-talet fvt., vart Qataban, Hadramout og Ma'in sjølvstendige frå Saba og etablerte seg sjølv i Jemen-området. Herredømet til minaearane strekte seg så langt som til Dedan, med hovudstad i Baraqish. Sabearane heldt kontroll over Ma'in etter at Qataban kollapsa i 50 fvt. Då romarane kom til Arabia Felix i 25 fvt., var sabearane nok ein gong den dominerande makta i Sør-Arabia. Aelius Gallus hadde ordre om å leie eit militærtokt for å opprette romersk dominans over sabearane. Romarane hadde vag og motstridande geografisk kunnskap om Arabia Felix eller Jemen. Den romerske hæren på ti tusen mann vart slått føre Marib. Strabon var ein nær ven av Aelius Gallus og prøvde å rettferdiggjere tapet hans i notata sine. Det tok romarane seks månader å nå Marib og seksti dagar å vende attende til Egypt. Romarane skulda på den nabateiske guideen deira og avretta han for svik. Ein har til no ikkje funne direkte nedteikningar i sabeiske inskripsjonar om det romerske toktet.
mini|venstre|Ein grav-stele med ein musikalsk scene frå det første hundreåret evt. mini|upright|Himjaritt-kongen Dhamar Ali Yahbur II.
Etter det romerske toktet - kanskje tidlegare - fall landet ut i kaos og to klanar, Hamdan og Himjar, gjorde krav på trona, og tok tittelen Konge av Sjeba og Dhu Raydan. Dhu Raydan (same som jimjarittane) allierte seg med Aksum i Etiopia mot sabearane. Høvdingen av Bakil og kongen av Saba og Dhu Raydan, El-sharah Yahdub, gjennomførte fleire tokt mot himjarittane og Habashat (som var Aksum). El-sharah var stolt over tokta sine og la til tittelen Yahdub i namnet sitt, som tyder «undertrykkar». Hanbrukte å drepe fiendane sine med å hogge dei i bitar. Sana voks under regjeringstida hans, då han bygde Ghumdan-palasset, der han budde.
Himjarittane annekterte Sana frå Hamdan kring år 100 evt. Hashdi-stamma gjorde opprør mot dei og tok attende Sana kring 180 evt. Det var først i 275 evt. at Shammar Yahri'sh erobra Hadramout, Najran og Tihama, og slik samla Jemen and styrka Himjar-styret. Himjarittane forkasta polyteisme og slutta seg til ei konsensuell form for monoteisme kalla rahmanisme. I 354 evt. sendte den romerske keisaren Konstantius II ein ambassade leia av Theophilos indaren for å omvende himjarittane til kristendom. I følgje Philostorgius ytte dei lokale jødane motstand. Det er funne fleire inskripsjonar på hebraisk og sabeisk som hyllar det herredømet på jødiske vilkår for å «ha hjelpt til med å gje makt til folket frå Israel.»
I følgje islamsk tradisjon sette kong As'ad den perfekte i gang ein militæraksjon til støtte for jødane frå Yathrib. Inskripsjonar fortel om Abu Karib As'ad som leia ein militæraksjon til det sentrale Arabia, eller Najd, for å støtte vassallkongedømet Kindah mot lakhmidane. Det er ikkje funne direkte referansar til jødedom eller Yathrib under den lange regjeringstida hans. Abu Kariba døydde i 445 evt. etter ei regjeringstid på nesten 50 år. I 515 evt. vart Himjar stadig delt langs religiøse linjer og ein bitter konflikt mellom forskjellige fraksjonar bana veg for at aksumittane kunne gå i mellom. Den siste himjaritt-kongen Ma'adikarib Ya'fur fekk støtte frå Aksum mot sine jødiske rivalar. Ma'adikarib var kristen og sette i gang felttog mot lakhmidane sør i Irak, med støtte frå andre arabiske allierte av Bysants. Lakhmidane var ein skanse for Persia, som ikkje tolererte ein forkynnande religion som kristendom.
Etter Ma'adikarib Ya'fur døydde kring 521 evt., kom ein himjarittisk-jødisk krigsherre kalla Yousef Asar Yathar til makta. Ærestittelen hans Yathar tyder «å hemne». Jemenittiske kristne, med støtte frå Aksum og Bysants, forfølgde systematisk jødane og brende ned fleire synagogar over heile landet. Yousef hemna folket sitt på fælsleg vis. Han marsjerte mot byporten i Mocha tok livet av 14 000 og tok 11 000 til fange. Han slo så leir i Bab-el-Mandeb for å hindre hjelp frå Aksum. Samstundes sendte Yousef ein armé kommandert av ein annan jødisk krigsherre, Sharahil Yaqbul, til Najran. Sharahil fekk forsterkingar frå beduinar frå Kindah- og Madh'hij-stammene, og fjerna det kristne samfunnet i Najran. Yousef eller Dhu Nuwas (han med sidelokkene) som han er kjend i arabisk litteratur, meinte at kristne i Jemen var ei femte søyle. Kristne kjelder skildrar Dhu Nuwas (Yousef Asar) som ein jødisk fanatikar, medan islamske tradisjonar seier at han kasta 20 000 kristne i groper med brennande olje. Denne historia er derimot innhylla i segner. Dhu Nuwas etterlet seg to inskripsjonar, og ingen av dei referer til brennande groper. Bysants måtte handle eller miste all truverd som vernar av kristendomen i aust. Keisar Justinius I sendte eit brev til kongen av Aksum, Kaleb, og la press på han for å «angripe dei avskyelege hebrearane». Ein tredelt militærallianse med Bysants, Aksum og arabiske kristne klarte å slå Yousef kring 525–527 evt. og ein kristen vasallkonge vart sett inn på den himjarittiske trona.
mini|Ruinane av Marib-dammen.
Esimiphaios var ein lokal, kristen herre, som er nemnd i ein inskripsjon som hylla brenninga av det gamle sabeiske palasset i Marib for å byggje ei kyrkje i ruinane. Det vart bygd tre nye kyrkjer berre i Najran. Mange stammer anerkjendte ikkje makta til Esimiphaios. Esimiphaios vart avsatt i 531 av krigsherren Abraha, som nekta å forlate Jemen og erklærte seg sjølv ein sjølvstendig konge av Himjar. Keisar Justinian I sendte ein ambassade til Jemen. Han ønskte at dei offisielt kristne himjarittane skulle bruke makta si på stammer i det indre Arabia for å sette i gang militæroperasjonar mot Persia. Justinian I skjenka kongerangen til dei arabiske sjeikane i Kindah og Ghassan sentralt og nord i Arabia. Frå tidleg av prøvde romarane og austromarane å utvikle nære band til statane ved kysten av Raudehavet. Dei klarte å omvende Aksum og påverke kulturen deira. Resultatet med tanke på Jemen var heller skuffande.