Ole Johannesson Veseth () var ein norsk skulemann og gardbrukar frå Haus i Hordaland. Johannes Olsson Veset var far hans.

Veseth vart i 1867 seminarist frå Stord. Dei to neste åra var han huslærar, deretter tre år lærar i offentleg skule, til sist to år lærar i privat skule i hovudstaden. Åra 1874-78 styrar ved Svend Foyns private borgarskule i Tønsberg. Frå 1878 var han gardbrukar på farsgarden i Haus.

Veseth var medlem av heradsstyret i Haus frå 1880, ordførar 1884-1904. Forlikskommissær 1884-1905, og ei rekke kommunale verv.

Veseth var 2. representant frå Søndre Bergenhus til Stortinget perioden 1889-91. Valbolken 1895-97 møtte han i 1895 i staden for Baard Haugland frå 1. juli og resten av valperioden. Han var medlem 1889-91 av kyrkjekomiteen, 1895 av sosialkomiteen, 1896-97 av Lagtinget og budsjettkomiteen.

Veseth døydde ugift på Mjelde i Haus i 1907.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Folk frå Osterøy Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Norske lærarar