Eurovision Song Contest 1992 var den 37. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Malmö isstadion i Malmö i Sverige laurdag 9. mai 1992. Arrangementet blei produsert av Sveriges Television etter at Carola hadde vunne tevlinga året før med «Fångad av en stormvind». Programleiarane var Lydia Cappolicchio og . Dette var tredje gongen svenskane var vertskap for tevlinga, etter å ha arrangert tidlegare i 1975 og 1985.

Nederland var tilbake etter fråveret året før, og dimed steig talet på deltakarland til 23, noko som var ny rekord. Dette var siste året der deltakaerfeltet nærast utelukkande bestod av land frå Vesten. Jugoslavia var fram til då det einaste landet frå Austblokka som deltok, men balkanlandet hadde allereie begynt å løyse seg opp, og i praksis stilte berre dagens Kosovo, Montenegro og Serbia dette året, under namnet FR Jugoslavia. Dette blei den siste deltakinga til Jugoslavia i Eurovision Song Contest. Berre veker etter tevlinga blei landet, som del av fleire SN-sanksjonar, utestengt frå tevlinga.

Irland innleia dette året den lange sigersrekkje si, då Linda Martin vann med «Why Me?», skriven av Johnny Logan. Dette var den tredje sigeren til Logan i Eurovision Song Contest. Irland skulle også vinne tevlinga dei to påfølgjande åra og deretter på nytt i 1996. Storbritannia kom på andreplass for trettande gong, mens Malta fekk si beste plassering til då med ein tredjeplass. Deretter følgde Italia på fjerdeplass, mens Hellas tangerte si bestenotering frå 1977 med ein femteplass. Noreg var representert av  og songen «». Det norske bidraget blei nummer 18 av 23 bidrag med 23 poeng.

Bakgrunn Etter å ha vunne tevlinga året før med Carola og «Fångad av en stormvind», var det Sverige som var vertskap for tevlinga. Dette var den tredje gongen Sverige arrangerte finalen, dei fyrste var i Stockholm i 1975 og i Göteborg i 1985. venstre|miniatyr|Malmö isstadion, arena for Eurovision Song Contest 1992. SVT la denne gongen tevlinga til den tredje største byen i Sverige, Malmö, og ishockeyarenaen Malmö isstadion. Arenaen var bygd om for å huse showet og 3500 publikummarar, som ifølgje BBC-kommentator Terry Wogan, hadde betalt «hundre pund per sete».

Til å leie showet valde den svenske kringkastaren journalistane Lydia Capolicchio og Harald Treutiger. Ingen land debuterte i tevlinga dette året, men Nederland kom tilbake etter fråveret året før. Malta fekk delta også dette året, og dimed stilte rekordmange 23 land til start. Ei loddtrekking hausten før avgjorde startrekkjefølgja. Spania opna finalen, mens Nederland avslutta. Noreg fekk startnummer 21.

Eit Europa i endring Eurovision Song Contest blei arrangert laurdag 9. mai, og finalen samanfall med den årlige . Samantreffet blei notert da Harald Treutiger ønskte sjåarane velkommen med følgjande melding: «Europakartet forandrar seg raskt. Gamle land forsvinn, nye statar blir danna. Og når aust ikkje lenger er aust, og vest ikkje lenger er vest, har Europa blitt større. Dette skal vi feire i dag, 9. mai – europadagen.»

Kommentaren spelte nok på den pågåande . Men ikkje minst var den retta mot Jugoslavia som på denne tida var i full oppløysing. Året før hadde Kroatia, Slovenia og dåverande Republikken Makedonia erklært uavhengighet frå republikken. Kort tid etter følgde Bosnia-Hercegovina etter, og ved Eurovision Song Contest 1992 var det difor i realiteten berre Serbia og Montenegro som deltok som Den føderale republikken Jugoslavia – ein stat som blei formelt etablert 28. april 1992, berre halvanna veke før finalen i Malmö. Dette blei også siste gong Jugoslavia deltok i Eurovision Song Contest; frå 1993 til 2003 var landet utestengt frå Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av og . Bosnia-Hercegovina, Slovenia og Kroatia debuterte i Eurovision Song Contest året etter, Makedonia i 1998 og Serbia og Montenegro fyrst i 2004.

Sendinga Finalen varte i like over tre timar, og opna med ein kortfilm med bilete frå vertsbyen Malmö. Deretter blei sjåarane tekne med inn i Malmö isstadion, der gymnastikktruppen Malmöflickorna utførte eit dansenummer på scena til vinnarsongen frå året før, «Fångad av en stormvind». Scena var bygd som eit stort vikingskip med eit stort drakehovud i framstamnen og store skjold langs skipssidene. Scenegolvet var pryda av den dåverande og ikoniske logoen til Eurovision Song Contest. Til venstre på scena var orkesteret som bestod av 48 musikarar under leiing av kapellmeister Anders Berglund.

Deretter dukka programleiarane Lydia Capolicchio og Harald Treutiger opp på scena og ønskte velkommen på engelsk og fransk. Deretter følgde ein lang svenskspråkleg introduksjon før fjorårsvinnaren Carola kom på scena. På svensk fortalde ho at ho ville hylle «Han som har gjeve meg alt» og framførte deretter sin nyaste song «All the Reasons to Live». miniatyr|Linda Martin vann Eurovision Song Contest for Irland. Med sine 41 år var – og er ho fortsatt – den eldste kvinna som har vunne tevlinga. Etter dette starta presentasjonen av de 23 deltakarbidraga. For fyrste gong sidan 1990 hadde tevlinga sin eigen maskot, ein teikna Donald-liknande fugl som dukka opp mellom bidraga. Kvart deltakarland blei presentert med ein postkort-film med bilete frå det respektive landet.

Pausenummeret var eit dansenummer, kalla A Century of Dance. Nummeret var ei tidsreise i svensk dans og musikk, og det starta med den tradisjonelle folkemusikken og blei avslutta med svensk popmusikk frå dåtida, som Roxette og .

På førehand var Storbritannia peika ut som favoritt med songen «One Step Out of Time», framført av den kjende britiske artisten Michael Ball, men han måtte ta til takke med ein andreplass, den trettande for Storbritannia. I staden blei det nabolandet Irland som stakk av med sigeren, då Linda Martin fekk 155 poeng med «Why Me?», skriven av Johnny Logan. Med sine 41 år var – og er fortsatt per 2023 – Martin den eldste kvinna som har vunne Eurovision Song Contest.

Dette var den fjerde sigeren til Irland, og fyrsteplassen innleia ein irsk sigersgong i tevlinga utover 1990-åra. To nye sigrar følgde i 1993 og 1994, og ytterlegare ein i 1996. Saman med sigeren i 1970, og Johnny Logan sine sigrar i 1980 og 1987, er Irland det landet som har vunne konkurransen flest gongar – med sju sigrar. I 2023 blei rekorden tangert, då Loreen vann for Sverige med songen «Tattoo».

Vertslandet Sverige hamna i den andre enden av tabellen, då blei nest sist med «». Dette er framleis eit av dei verste resultata til Sverige i tevlinga, men ti år seinare kom Björkman sterkt tilbake i Eurovision Song Contest – som produsent og ansvarleg for svenske Melodifestivalen. Malta fekk si beste plassering til då med ein tredjeplass. Med tre engelskspråklege songar på topp, byrja misnøya nok ein gong å murre blant ein del deltakarland som ønskte å fjerne språkregelen. Blant landa som uttrykte misnøye, var dei nordiske, som i mange år allereie hadde meint at dei engelsktalande landa hadde ein fordel i tevlinga. Språkregelen blei fyrst fjerna i 1999, og sidan då har deltakarane kunna syngje på det språket dei sjølv ønsker.

Det norske bidraget Noreg deltok i Eurovision Song Contest for 32. gang, og det norske bidraget var «» med . Songen er komponert av Robert Morley, med tekst av . «Visjoner» vann ein overraskande siger i den norske finalen i Oslo Spektrum, etter at Tor Endresen og «» hadde leia avrøystinga heile vegen. I den internasjonale finalen var Noreg det 21. bidraget på scena, og Rolf Løvland dirigerte for Noreg. På scena stilte Merethe Trøan i ein raud kjole med fem koristar som avslutta songen side om side med Trøan. kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet for siste gong. Andreassen kommenterte fyrste gong i 1973 og hadde i åra før det vore sentral i produksjonen av ei rekkje norske Melodi Grand Prix-finalar. og kommenterte finalen på NRK P2.

las nok ein gang poenga frå den norske jurygruppa frå NRK Marienlyst i Oslo. I avrøystinga fekk «Visjoner» 23 poeng og blei nummer 18 av 23. Dette var fjerde året på rad at Noreg hamna langt nede på resultatlista.

Avrøystinga Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som dømde songane frå dei andre landa. Jurymedlemmane var ei blanding av folk med og utan tilknyting til musikkbransjen. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10 poeng, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. Oppsynsmann for avrøystinga var for 15. og siste gang Frank Naef frå EBU. Naef varsla også endringar i tevlinga i åra framover – hovudsakleg på grunn av inntoget av Sentral- og Aust-Europa i EBU.

Avrøystinga var lenge spennande, og både Irland, Storbritannia og Malta veksla på å leie. Etter kvart drog Irland ifrå, og då nest siste jurygruppe gav Irland 10 poeng, var den irske sigeren sikra.

Deltakarar Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre. Startnr.LandSpråkArtistSongPlassPoeng01«Todo esto es la música»Spansk143702«Nous, on veut des violons»Fransk201103Dafna Dekel«Ze rak sport» (זה רק ספורט)Hebraisk68504 «Yaz Bitti»Tyrkisk191705«Ólou tou kósmou i elpída»(Όλου του κόσμου η Ελπίδα)Gresk59406«Monté la riviè»Fransk, kreol87307«»Svensk22908«Amor d'água fresca»Portugisisk172609«Teriázume» (Ταιριάζουμε)Gresk115710«Little Child»Engelsk312311«Nei eða já»Islandsk78012«Yamma, yamma»Finsk23413«Mister Music Man»Fransk153214«Sou fräi»Luxemborgsk211015«Zusammen geh'n»Tysk106316«One Step Out of Time»Engelsk213917Linda Martin«Why Me?»Engelsk115518 og «Alt det som ingen ser»Dansk124719«Rapsodia»Italiensk411120«Ljubim te pesmama»(Љубим те песмама)Serbisk134421«»Norsk182322«Träume sind für alle da»Tysk162723«Wijs me de weg»Nederlandsk967

Artistar som hadde deltatt tidlegare ArtistLandDeltok iMerknadar 1977Linda Martin198419851987 (del av gruppa )1990Del av gruppa

Poengtavle Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass1 146   2 3 321 17 5 137143 4 3       1        112010 2 84747  4817 2 12243856        8      3  6  1719  7873512 2510 4   1278 49456 123   3  712   5 6 1036738     1           4 4  922  8 2     2      15 82617  3 102 21 82   6 483 857111210  7 121218 5128 108310  51233844 6 66   35712 55 162807  1               3  423 5        12   41 10   3215         10           102128  8 1384    10127    6310512210 105 664687127128  127139217 1212 10451271061010810227101015514 6   71  6  633   654712   53128810510127 6    121121114 FR Jugoslavia  10615  2354 2  4   24413 3    2   11 4 5 6 1 2318 6     10       623   2716725754  7 3 1 528   47679

12 poeng Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei avgitt under avrøystinga. AntallLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng4Finland, Frankrike, Nederland, NoregLuxembourg, Portugal, Spania, SverigeAusterrike, Belgia, Danmark, Tyskland3Hellas, Malta, Tyrkia2Italia, KyprosIsrael, Sveits1IrlandStorbritanniaJugoslaviaIsland

Dirigentar Mens Anders Berglund var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.

Jugoslavia Rolf Løvland

Kommentatorar og poengopplesarar Poengopplesarar Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

María Ángeles Balañac Jacques Olivier

Fotini Giannoulatou

Janne Jingryd Ana Zanatti Anna Partelidou