Boys and Girls er det sjette studioalbumet til Bryan Ferry, utgjeve i juni 1985 på E.G. Records. Det var det første soloalbumet til Ferry på sju år og det første etter han oppløyste gruppa si Roxy Music i 1983. Det er det einaste soloalbumet til Ferry som har nådd toppen av albumlista i Storbritannia. Det selde til platinaplate i Storbritannia og inneheld to singlar som nådde topp 40 der. Det var òg det mest suksessrike soloalbumet til Ferry i USA og i Noreg. I Noreg nådde det tredjeplassen på VG-lista. I USA selde albumet til gullplate for over ein halv million selde eksemplar.

Albumet inneheld songen «Slave to Love», som vart ein av dei største hittane til Ferry som soloartist. Singelen kom ut 29. april 1985 og låg ni veker inne på den britiske singellista i 1985, med ein tiandeplass som høgaste plassering. Dei to andre singlane frå albumet selde mindre og var «Don't Stop the Dance» og «Windswept».

Gitarsoloen på slutten av «Slave to Love» vart spelt av Neil Hubbard og andre kjende gitaristar på albumet var Mark Knopfler frå Dire Straits, David Gilmour frå Pink Floyd, Nile Rodgers frå Chic og Keith Scott frå bandet til Bryan Adams.

Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2000. I 2005 kom det ut på SACD.

Mottaking

AllMusic-skribenten Ned Raggett likte «Slave to Love» og skreiv «Totalt sett etablerte Boys and Girls fullstendig den reine, kule visjonen ålmenta hadde av Ferry. I staden for rufsete rocke-eksplosjonar, kjenslemessige ekstremar og alt som gjorde 70-talsmusikken hans så overtydande både i og utafor Roxy, er Ferry her den sjarmerande og elegante, om enn løynd humørsjuke og melankolske kjærasten, med musikk som matchar.»

Robert Christgau skreiv: «Røysta hans er tjukkare og meir slimete, tempoet hans sakkar av trass i alle dei fancy rytmane han har kjøpt, og han risikerer å bli den romantisk besette mannen han alltid har spelt på så nidkjær måte.»

Rolling Stone Album Guide frå 1992 gav albumet tre og ei halv stjerne av fem: «Med den same rikt syntetiserte stemninga til Avalon, innhyllar det sjette albumet til Ferry lyttaren i emosjonelle finessar og lydfargar. Så er det over som ein behageleg draum. Boys and Girls kunne ha hatt eit par melodiar til med minneverdige melodilinjer som i 'Slave to Love' eller 'Don't Stop the Dance'.DeCurtis, Anthony (Ed.). »Bryan Ferry«. Rolling Stone Album Guide. 1992. pg. 243 New Rolling Stone Album Guide frå 2004 gav òg 3,5 stjerner: «Boys and Girls, det første soloalbumet hans etter Roxy Music vart oppløyst, var det discovennlege forsøket hans på å bli ei solostjerne, og sjølv om det er for luftig, har det ein av dei beste kjærleikssongane som nokon gong er laga, den hypnotiske klinesongen 'Slave to Love'.»Brackett, Nathan. «Bryan Ferry». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. pg. 297

I kritikarundersøkingar Pazz and Jop i Village Voice i 1985, vart albumet stemt fram til det 31. beste albumet det året.

Innhald Alle songar skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, perkusjon

Andre medverkande David Gilmoursologitar [#5] Neil Hubbardsologitar [#2] Chester Kamensologitar Mark Knopflersologitar [#7] Nile Rodgerssologitar [#1] Keith Scottsologitar [#2] Tony Levinbassgitar [#2] Neil Jasonbassgitar Marcus Millerbassgitar Alan Spennerbassgitar Jon Carinklaverinstrument Guy Fletcherklaverinstrument [#2] Omar Hakimtrommer [#2] Andy Newmarktrommer Jimmy Maelenperkusjon David Sanbornsaksofon [#3] Martin McCarrickcello Anne Stephensonstrykarar Virginia Heweskorvokal Ednah Holtkorvokal Fonzi Thorntonkorvokal Ruby Turnerkorvokal Alfa Andersonkorvokal Michelle Cobbskorvokal Yanick Etiennekorvokal Colleen Fitz-Charleskorvokal Lisa Fitz-Charleskorvokal Simone Fitz-Charleskorvokal

Teknisk Rhett Davies – lydteknikar Bob Clearmountain – lydteknikar, miksing Neil Dorfsman – lydteknikar Femi Jiya – lydteknikar Dominick Maita – lydteknikar Brian McGee – lydteknikar Andy Lydon – lydteknikar Benjamin Armbrister – assisterande lydteknikar Carb – assisterande lydteknikar Steve Churchyard – assisterande lydteknikar Randy Ezratty – assisterande lydteknikar Dave Greenberg – assisterande lydteknikar Kevin Killen – assisterande lydteknikar Heff Moraes – assisterande lydteknikar Peter Revill – assisterande lydteknikar Kendal Stubbs – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering Simon Puxley, Bryan Ferry – kunstnarisk leiar Antony Price – fotografi

Salslister

Vekeslister Liste (1985) Plassering Australske album (Kent Music Report)13 Canadian Top Albums (RPM)11 UK Albums (OCC)1

Årslister Liste (1985) Plassering Nederlandske album (Album Top 100)26 Tyske album (Offizielle Top 100)41

Singlar ÅrSingelListePlassering1985«Slave to Love»UK Singles Chart10 1985«Slave to Love»US Billboard Mainstream Rock Tracks191985«Don't Stop the Dance»UK Singles Chart21 1985«Don't Stop the Dance»US Billboard Adult Contemporary261985«Don't Stop the Dance»Billboard Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales30 1985«Windswept»UK Singles Chart46

Salstrofé og salstal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boys and Girls (album)» frå , den 16. april 2011 og 23. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Album produserte av Rhett Davies Kategori:E.G. Records-album