Ingvill Måkestad Bovim () er ein norsk friidrettsutøvar frå Odda.
Ingvill Måkestad representerte fyrst IL Korlevoll i Odda fram til 2007 då ho meldte overgang til Idrettsklubben Tjalve i Oslo. I 2010 bytte ho lag til IL Gular i Bergen. Ho er utdanna ernæringsfysiolog, og er gift med Frode Bovim.
Ingvill Måkestad Bovim har noregsrekorden for 800 m for kvinner. Den blei sett 1. september 2010 i Zagreb, og er på 1.59,82. I juli 2010 sette ho ny personleg rekord på 1500 m i Paris.«Ny pers for Ingvill», Hardanger Folkeblad, 17.07.10. Ho sprang på 4.04,22, og det gjer henne til den nest-raskaste norske 1500 m-løparen, bak Grete Waitz. Ho deltok også på EM i friidrett 2010 i Barcelona den sommaren.
I november 2010 vart ho tildelt prisen som årets kvinnelege utøvar av skipinga Friidrettens Venner.Prisar frå Friidrettens Venner Ingvill Måkestad Bovim har også gjeve ut boka Spis Smart – en kokebok for unge idrettsutøvere.Boka Spis smart på sunnjenteidrett.no
Ingvill Måkestad Bovim vart vald ut til OL-troppen til sommar-OL 2012 i London. Ho var i svært god form, men måtte trekkja seg den 5. august på grunn av ein alvorleg akillesskade.«OL-draumen knust for Måkestad Bovim», NRK.no, 05.08.12
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingvill Måkestad Bovim» frå , den 19. april 2011.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Bloggen til Ingvill Måkestad Bovim
Kategori:Folk frå Odda Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012