Before and After Science er det femte studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies, og kom opphavleg ut på Polydor Records i desember 1977. I motsetnad til dei førre albuma til Eno, som skrivne og innspelte raskt, tok dette albumet over to år å gjere ferdig. Fleire gjestemusikarar frå Storbritannia og Tyskland deltok på albumet, mellom andre medlemmar frå Roxy Music, Free, Fairport Convention, Can og Cluster. Det vart skriven over 100 songar for albumet, men berre ti av dei kom med på den endelege utgåva. Musikkstilen varierer frå energetisk og skarp til meir slapp og landleg.

Dette var det siste albumet til Eno med rockemusikk i 1970-åra som soloartist, medan resten av albuma hans dette tiåret retta seg mot avantgarde og ambient musikk, som får hint om på den andre halvdelen av Before and After Science. Albumet var det andre til Eno som gjekk inn på salslista i USA. Songen «King's Lead Hat» vart gjeven ut som singel, men nådde ikkje lista i Storbritannia. Albumet har fått positiv kritikk og vert trekt fram som eit av dei beste til Eno.

Produksjon Det tok over to år og lage Before and After Science.Tamm, 1989. s.107 Med seg på albumet hadde han artistar som gitarist Fred Frith, Jaki Liebezeit frå den tyske krautrockgruppa Can som spelte trommer for Eno på «Backwater», medan den tyske ambient musikk-gruppa Cluster medverka med låtskriving og spelte på songen «By This River». Eno hadde tidlegare arbeidd med Cluster på albumet deira Cluster & Eno i 1977. I tillegg spelte Dave Mattacks frå Fairport Convention og Andy Fraser frå Free.

I tillegg spelte fleire musikarar Eno hadde arbeidd med tidlegare, som Percy Jones, Phil Collins, Robert Fripp frå King Crimson, Paul Rudolph frå Hawkwind og Bill McCormick og Phil Manzanera frå Quiet Sun. Robert Wyatt spelte under psevdonymet Shirley Williams.

Innhald

Medverkande Brian Eno – stemmer, synthesizerar (Minimoog, EMS Synthi AKS, Yamaha CS-80), gitar, elektrisk perkusjon, piano, blåsarar, vibrafon, metall, bjølle Paul Rudolph – bass, rytmegitar, harmonisk bass Phil Collins – trommer Percy Jones – bandlaus bass Rhett Davies – agong-gong, stick Jaki Liebezeit – trommer Dave Mattacks – trommer Shirley Williams (Robert Wyatt) – brush timbales, time Kurt Schwitters – stemme Fred Frith – modifisert gitar, kaskadegitarar Andy Fraser – trommer Phil Manzanera – rytmegitar Robert Fripp - gitar Achim Roedelius – klaver, elektrisk piano Möbi Moebius – bass fender piano Bill MacCormick – bass Brian Turrington – bass

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Before and After Science» frå , den 23. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Brian Eno-album Kategori:Album produserte av Brian Eno Kategori:Album produserte av Rhett Davies