Chris Pozniak, fødd Krzysztof Poźniak () er ein polsk-canadisk fotballspelar. I 2011-sesongen spela han i forsvar for Haugesund i den norske Tippeligaen, i den andre perioden sin for klubben. Han har òg spelt på Canada sitt landslag.

Klubbkarriere Pozniak emigrerte frå Polen til Canada med foreldra sine og syster si i 1990. Han begynte den profesjonelle fotballkarrieren sin med Toronto Lynx som 18-åring. Han drog til Europa og svenske Örebro SK i 2001 og vidare til Haugesund i 2004.

22. november 2006 kunngjorde manageren i Toronto FC, Mo Johnston, at Pozniak, saman med mellom anna den tidlegare Sogndal-spelaren Marco Reda, hadde skrive under for klubben til Toronto sin første sesong i Major League Soccer. Pozniak spelte i forsvar og på midtbanen, som oftast som reserve med nokon kampar frå start.

21. november 2007 vart Pozniak vald ut av San Jose Earthquakes for 2008-sesongen. 28. mars 2008 vart han bytt bort til Los Angeles-klubben Chivas USA mot John Cunliffe. I mai 2008 vende han attende til Canada og Vancouver Whitecaps for å spela der fram til sommaren, då han ville prøva å finna ein klub i Europa. I august fekk han ein eittårskontrakt med Dundee FC i skotsk 1. divisjon og spelte der i 2008/09-sesongen.

30. juli 2009 kunngjorde Vancouver Whitecaps at Pozniak hadde skrive under for klubben ut 2009-sesongen, med opsjon for 2010. Denne opsjonen vart ikkje brukt. I staden vende Pozniak attende til Noreg og Haugesund, der han spelte fast på laget i 2010-sesongen i Tippeligaen.

Landslagskarriere Pozniak har spelt landskampar for Canada på U20-, U23- og seniornivå. Han spelte den første A-landskampen sin i 2002 i CONCACAF Gold Cup i ein kamp mot Haiti, som innbytar. Han har spelt tre VM-kvalifiseringskampar for Canada.Record at FIFA Tournaments - FIFA

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk Wikipedia 25. april 2011. Fotnotar

Kjelder Nettsidene til FK Haugesund

Kategori:Haugesund-spelarar Kategori:Canadiske fotballspelarar Kategori:Polske fotballspelarar