«I Wish You Would» er ein song av Chicago blues-artisten Billy Boy Arnold. Han vart spelt inn tidleg i mai 1955 og gjeven ut som singel av Vee-Jay Records ein månad seinare i juni. Singelen var berre tilskriven han som Billy Boy.
Songen vart spelt av fleire andre band sidan, mellom anna the Yardbirds i 1964. Billy Boy Arnold kom attende til «I Wish You Would» fleire gonger i løpet av karrieren og produserte nye studioversjonar og konsertversjonar av songen for forskjellige plateselskap.
Komposisjon og innspeling Då Billy Boy Arnold spelte med Bo Diddley skreiv han ein song kalla «Diddy Diddy Dum Dum», som var basert på «Bo Diddley-rytmen». Billy Boy Arnold spelte songen på konsertar med Bo Diddley, som Leonard Chess høyrte og sa at Diddely burde spele inn songen på den andre innspelinga hans for Chess Records. Billy Boy, trudde derimot at Leonard ikkje likte han, så han skreiv om teksten og kalla songen «I Wish You Would», og spelte han inn for Vee-Jay.
«I Wish You Would» vart spelt inn i Universal Recording Studios i Chicago den 5. mai 1955. På songen spelar Billy Boy på vokal og munnspel, Jody Williams – som hadde spelt med Bo Diddley og Billy Boy på Maxwell Street – på gitar, Henry Gray på piano, Milton Rector på elektrisk bass og Earl Phillips på trommer.
The Yardbirds-versjonen
Det engelske rockebandet The Yardbirds gav ut «I Wish You Would» som debutsingelen sin i 1964. Dette studioopptaket manglar Bo Diddley-rytmen og er langt kortare enn konsertversjonane bandet spelte på denne tida. Singelen nådde ikkje singellistene, men vart sidan gjeven ut på det første amerikanske albumet til The Yardbirds, For Your Love, som nådde 96. plass der i 1965.
Fleire konsertopptak av «I Wish You Would» vart spelte inn av the Yardbirds, og sidan gjevne ut. Ein versjon frå 1963 med Eric Clapton vart gjeven ut på London 1963 – The First Recordings!; eit opptak frå 1965 av BBC med Jeff Beck på Yardbirds ... On Air; og ein versjon frå 1968 med Jimmy Page på Last Rave-Up in LA.
Andre versjonar 1969 - Canned Heat frå Live at Topanga Corral (utgjeve 1971) 1971 - Black Widow som singel 1973 - David Bowie frå Pin Ups 1976 - Hot Tuna frå Hoppkorv 1980 - The Blasters fråAmerican Music 1982 - Sweet fråIdentity Crisis 1992 - The Red Devils frå King King 2004 - The Nighthawks frå Live at the State Theater
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I Wish You Would» frå , den 4. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bluessongar Kategori:Singlar frå 1955 Kategori:Songar frå 1955 Kategori:The Yardbirds-songar Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Vee-Jay Records-singlar Kategori:Canned Heat-songar Kategori:Al Kooper-songar Kategori:Bjørn Berge-songar Kategori:22 Pistepirkko-songar Kategori:Tom Jones-songar