«China Girl» er ein song skriven av Iggy Pop og David Bowie i løpet av åra dei budde i Berlin. Han kom først ut på debutalbumet til Iggy Pop som soloartist, The Idiot (1977). Songen vart meir kjend då Bowie spelte inn songen på nytt og gav han ut som den andre singelen frå det bestseljande albumet hans, Let's Dance (1983). Singelen til Bowie nådde andreplassen på den britiske singellista i ei veke frå 14. juni 1983, medan han i USA nådde 10. plassen.

Originalinnspeling Paul Trynka, forfattaren av David Bowie-biografien Starman, sa at songen var inspirert av Iggy Pop som var forelska i Kuelan Nguyen, ei vietnameisk kvinne, som ein metafor for Stooges-karrieren hans.

Produksjonsmessig er den originale innspelinga på The Idiot rå og upolert samanlikna med versjonen til Bowie frå 1983.

Nile Rodgers, produsenten av 1983-versjonen av songen, gav si tolking av teksten: «Eg tenkte 'China Girl' handla om å ta dop ... fordi China er China White som er heroin, jente er kokain. Eg tenkte songen handla om speedball. Eg tenkte, i dopmiljøet i New York er kokain jente og heroin gut. Så eg gjorde dette arrangementet som var ultrapop. Fordi eg tenktat , sidan det er David Bowie, kom han til å like ironien om å lage pop om noko som er så tabu. Og det som er verkeleg kult er at han sa 'eg elskar det!'.»

Innhald «China Girl» (Edit) (David Bowie, Iggy Pop) – 3:26 «Baby» (Bowie, Pop) – 3:24

David Bowie-versjonen

Musikkvideo Musikkvideoen, med den newzealandske modellen Geeling Ng, vart regissert av David Mallet og hovudsakleg filma i Chinatown i Sydney i Australia. I lag med videoen for den førre singelen, «Let's Dance», som kritiserte rasisme i Australia, skildra Bowie videoen som ei «særs enkel, særs direkte» melding mot rasisme. Videoen parodierer med vilje asiatiske, kvinnelege stereotypar. Han skildra ein hypermaskulin hovudperson i ein romanse mellom ulike rasar. I den originale videoen kan ein sjå dei to ligge nakne i bølgjene (ein visuell referanse til filmen From Here to Eternity). Den uredigerte versjonen vart bannlyst i New Zealand og somme andre land på den tida. Den usensurerte versjonen kom ut i 1984 på «Video EP» gjeven ut av Sony på Betamax, VHS og LaserDisc. Versjonar av videoen kom sidan ut på ulike video- og DVD-samlingar i sensurert utgåve utan nakenheita. Den originale videoen vann prisen for beste mannlege video hos MTV i 1984.

Mottaking BBC Online-meldaren David Quantick omtalte effekten til produksjonen til Nile Rodgers på songen og hevda at «ingen utanom Rodgers kunne ha teke ein song som 'China Girl', med sine paranoide referansar til 'visions of swastikas', og gjort det om til ein søt, romantisk hitsingel». Suksessen til Bowie-versjonen gjorde visstnok til at Pop fekk ei stabil inntekt, sidan han var medlåtskrivar på songen.

Konsertutgåver Songen vart spelt på konsertane til Bowie resten av 1980-åra og finst på konsertvideoar frå 1983 og 1988 – Serious Moonlight og Glass Spider. Songen vart øvd inn for Live Aid-konserten til Bowie i 1985, men droppa på grunn av for lite tid. Andre konsertutgåver av songen finst på platene VH1 Storytellers (frå 1999, utgjeven 2009) og A Reality Tour som kom ut i 2010, spelt inn i november 2003 i Dublin. I 2018 kom songen ut på Glastonbury 2000, som var spelt inn på Glastonburyfestivalen i juni 2000.

Innhald 7"-singel «China Girl» (Edit) (David Bowie, Iggy Pop) – 4:14 «Shake It» (Bowie) – 3:49

12"-singel «China Girl» (Bowie, Pop) – 5:32 «Shake It» (Re-Mix) (Bowie) – 5:21

Medverkande The Idiot-versjonen Iggy Pop – vokal David Bowie – klaverinstrument; saksofon; leikepiano Phil Palmer – sologitar Carlos Alomar – rytmegitar George Murray – bassgitar Dennis Davis – trommer

Let's Dance-versjonen David Bowie – vokal Stevie Ray Vaughan – gitar Nile Rodgers – gitar Carmine Rojas – bassgitar Omar Hakim – trommer Rob Sabino – klaverinstrument; piano Produksjon Nile Rodgers – produsent

Salslister (David Bowie-versjonen)

Vekeslister Liste (1983)PlasseringAustralia (Kent Music Report)15 Finland (Suomen virallinen lista) 6France (IFOP)15South Africa (Springbok Radio)17 Liste (2016)PlasseringUS Billboard Rock Digital Songs21

Årslister Liste (1983)PasseringBelgium (Ultratop 50 Flandern)15Tyskland (Official German Charts)59Nederland (Nederlandsk Topp 40)29Nederland (Single Top 100)65New Zealand (Official New Zealand Music Chart)38US Billboard Hot 10062

Salstrofe (David Bowie-versjonen)

Andre utgjevingar Songen finst på følgjande samleplater: Changesbowie (1990) Bowie: The Singles 1969-1993 (1993) The Singles Collection (1993) Best of Bowie (2002) The Best of David Bowie 1980/1987 (2007) Nothing Has Changed (2014) Bowie Legacy (2016) Loving the Alien (1983–1988) (2018) Filmmusikken til The Wedding Singer Den originale Iggy Pop-versjonen finst i Pop-samlinga A Million in Prizes: The Anthology.

Andre versjonar Nick Cave - Konsert i Melbourne, 1978. James - Singel (1998) Trance To The Sun -Goth Oddity: A Tribute to David Bowie (1999) Anna Ternheim - Shoreline EP (2005) Voltaire - Zombie Prostitute... (2006), og .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006) Pete Yorn - Musicforthemorningafter (Bonus CD) (2001) Johny Dey - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007) The Tragically Hip - Under «New Orleans is Sinking» på Live Between Us vert det sunge eit vers frå «China Girl» Scars on Broadway - Konsert med anna tekst. System of a Down - Konsert med anna tekst. The White Stripes - Konsert Alejandro Sokol - Konsert

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «China Girl (song)» frå , den 2. september 2021. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Iggy Pop Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Nile Rodgers Kategori:Songar om rasisme eller framandhat Kategori:Britiske new wave-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:EMI America Records-singlar Kategori:Songar om Kina Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet Kategori:Songar om austasiatiske folk