Filmteknikk er ulike teknikkar og metodar som vert nytta for å kunne skape filmar i ein kvalitet som vert sett på som allment akseptert. Døme på slike teknikkar kan vere å ha riktig eller passande kamerahøgde, bruk av tilting og zooming, og å filme i perspektiv.
Kamerabruk Eit av fundamenta i filmteknikk er å kunne bruke kameraet på riktig måte.
Biletutsnitt – Dette er eit viktig filmatisk verkemiddel. Utsnittet er avstanden til det vi ser i biletet og det kan delast inn i nokre forskjellige hovudkategoriar: Ultratotalt - Ein kan sjå heile mennesket, men berre som ein del av eit større landskap. Dette utsnittet eignar seg godt til å vise bilete av kvar handling som skjer. Dette vert nytta når det er viktig å få fram korleis objekt rører seg i forhold til kvarandre. Totalt – Ein ser heile mennesket og noko av bakgrunnen. Halvtotalt – Ein ser noko meir enn heile mennesket. Halvnært – Ein ser mennesket omtrent frå brysthøgde. Ein kan merke seg detaljar som kjensleuttrykk. Dette vert ofte nytta i TV. Nærbilete – Ein ser ein kroppsdel, for eksempel eit ansikt. Brukast som regel for å avdekkje kjenslereaksjonar. Ultranært bilete – Viser detalj i ein kroppsdel, til dømes eit auge eller munn på ein måte som røper kjensle. Perspektiv Fugleperspektiv – Overvinkling, oversiktsbilete, får noko til å verke lite. Froskeperspektiv – Undervinkling, får noko til å verke stort og mektig. Normalperspektiv – Filmar i augehøgde. Kameraføring Panorering – Røre kameraet horisontalt rundt sin eigen akse. Tilting – Røre kameraet vertikalt. Køyring – Plassere kameraet på ei skjene, kameraet rører seg like fort som objektet. Zooming — Gjere bilete større eller mindre med hjelp av indre mekanismar i kameraet. Rørleg kamera – Handhalde kamera, kan skape inntrykk av rørsle, uro eller spenning. Optikk – Ulike linser og filter som påverkar biletet. Biletet kan verte mjukare, hardare eller få bestemte fargetonar i tråd med stemninga ein ønskjer å formidle.
Lys Lys gjev varme, liv, og ikkje minst skugge. Dette er med på å skape spenning og uhygge. Trepunkts lyssetjing. Hovudlys framanfrå – Litt på skrå frå objektet, slik at biletet ikkje blir flatt. Utfyllingslys - Frå sida, fjernar skuggar i ansiktet. Motlys – På skrå bak objektet, for å skape djupn i biletet. Bruke lyset som verkemiddel for å skape skumle scener – Berre bruke under-/ over-/ sidelys.
Lyd Diegegisk lyd – Lyd som høyrer naturleg til biletet. Tale ”Vanleg” tale, dialogar. Det som vert teke opp under innspelinga. Ikkje-diegegisk lyd Musikk – Stemningsmusikk (skummel musikk viss skummel scene)
Bakgrunnseffektar – For at det skal kjennast verkeleg. Lyd som vert lagd på etterpå. Lydbru – Lyd som ikkje eigentleg høyrer til eit bilete, men førebur ein på innhaldet i det neste. Kommentarar
Redigering Klipping – Strukturering av opptak. Omlag 80% av råfilmen vert klipt bort under redigeringsfasen. Gjennom klipping kan ein oppnå ulike verknader blant anna i tempo og assosiasjonar. Paralellklipping – Skapar inntrykk av at ein opplever to forskjellige handlingsforløp samtidig. Innskotsscener – Brå forflytting av handling i tid og rom. Montasjeklipping – Klipper bilete som ikkje har noko med kvarandre å gjere til ei anna handling. Sovjetisk montasjefilm – ”Panserkryssaren Potemkin” Kryssklipping – Vekslar mellom handling som er i forskjellig tid og rom Redigering på datamaskin. Skodespelarar vert redigerte til andre figurar. ”Gollum” i ”Ringenes Herre” Djupfokus – Utnytting av djupna i biletet. Ein utnyttar den fulle djupna i biletet utan å klippe. Studerer det som ligg på same plan i same bilete i høve kvarandre slik at det oppstår assosiasjonar og psykologisk spenning.
Kategori:Film