Leopold I () var ein tysk-romersk keisar. Han var son av Ferdinand III og av den habsburgske slekta. Han vart konge av Ungarn 1655, 1656 av Böhmen og då faren døydde i 1657 herskar over dei austerrikske arvelanda. Leopold vart 1658 i Frankfurt krona som keisar av det Det tysk-romerske riket.

Sjølv om han var ein djupt truande katolikk samarbeidde han utanrikspolitisk med dei protestantiske landa England og Nederland. Innanrikspolitisk var regjeringstida hans kjenneteikna av veksande sentralisme, noko som førte til uro særleg i Ungarn, og av ein motreformatorisk prega katolisisme. Politikken til Leopold var innretta mot undertrykking av den særleg i Ungarn sterke protestantismen. Til denne konteksten må òg fordrivinga av jødane i 1670/1671 nemnast.

Leopold I var ein språkdugande, velutdanna og musikalsk mann som gjorde hoffet i Wien til eit sentrum for barokkulturen.

Leopold var gift tre gonger og fekk 16 born, men åtte døydde som små.

Han førte ei lang rekkje krigar: med Sverige 1657–1660, med Tyrkia 1662–1664 og 1683–1699 med Frankrike 1672–1679, den pfalziske arvefølgjekrigen 1688–1697 og frå 1701 (den spanske arvefølgjekrigen, der Leopold freista å sikre makta til Habsburgarane i Spania.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leopold I av Det tysk-romerske rike» frå , den 15. mai 2011.

Kategori:Tysk-romerske keisarar Kategori:Folk frå Wien Kategori:Huset Habsburg Kategori:Tyske kongar Kategori:Bøhmiske monarkar Kategori:Ungarske monarkar Kategori:Austerrikske herskarar Kategori:Hertugar av Kärnten Kategori:Hertugar av Teschen Kategori:Grevar av Tirol Kategori:Ordenen av det gylne skinnet Kategori:Folk frå den store tyrkiske krigen