Niårskrigen (1688–1697), også kalla Storalliansekrigen eller Den pfalziske arvefølgjekrigen, var ein storkrig seint på 1600-talet mellom kong Ludvig XIV av Frankrike og ein brei europeisk koalisjon, Storalliansen, leia av den engelsk-nederlandske statthaldar-kongen Vilhelm III, den tysk-romerske keisaren Leopold I, kong Karl II av Spania, Victor Amadeus II av Savoie, og store og mindre fyrstar og prinsar i Det tysk-romerske riket. Niårskrigen vart hovudsakleg utkjempa på det europeiske fastlandet og farvatna kring, men omfatta òg ein krigsskodeplass i Irland, der Vilhelm III og Jakob II kjempa om kontroll over Dei britiske øyane, og eit mindre felttog mellom franske og engelske nybyggjarar og deira indianske allierte i koloniane i Nord-Amerika. Krigen var den andre av tre store krigar for Ludvig XIV.

Ludvig XIV hadde tredd fram frå den fransk-nederlandske krigen i 1678 som den mektigaste monarken i Europa, men sjølv om han hadde utvida riket sitt, var ikkje «Solkongen» nøgd. Ved hjelp av aggresjon, annektering og delvis lovlege midlar, prøvde Ludvig XIV raskt etter å utvide gevinstane sine for å stabilisere og forsterke grensene til Frankrike, noko som kulminerte i den korte gjenforeiningskrigen (1683–1684). Den påfølgjande våpenkvilen i Ratisbon garanterte dei utvida grensene til Frankrike for tjue år, men dei påfølgjande handlingane til Ludvig XIV - mellom anna annulleringa av ediktet i Nantes i 1685, og forsøket hans på å ta tyske Rhinland - førte til skade på den militære og politiske dominansen hans. Ludvig XIV si avgjersle om å krysse Rhinen og kringsette Philippsburg i september 1688 var meint å kome keisar Leopold I i forkjøpet og å tvinge Det tysk-romerske riket til å akseptere dei territoriale og dynastiske krava hans. Men då keisaren og dei tyske fyrstane bestemte seg for å yte motstand, og då Generalstatane og Vilhelm III førte nederlendarane og engelskmennene inn i krig med Frankrike, stod Ludvig XIV til slutt opp mot ein mektig koalisjon som ønskte å dempe ambisjonane hans.

Dei fleste kampane fann stand kring grensene til Frankrike: i Dei spanske Nederlanda, Rhinland, hertugdømet Savoie og Catalonia. Desse felttoga var dominerte av kringsetjingar, mellom anna i Mons, Namur, Charleroi og Barcelona: opne slag som Fleurus og Marsaglia var mindre vanlege. Desse krigshandlingane var gjekk stort sett i Ludvig XIV sin favør, men i 1696 stod Frankrike i ei økonomisk krise. Dei maritime maktene (England og Dei sameinte Nederlanda) var òg finansielt botnskrapte, og då Savoie hoppa ut av alliansen, ønskte alle partar å starte forhandlingar. Med freden i Ryswick (1697) fekk Ludvig halde på heile Alsace, men vart tvungen til å gje Lorraine attende til eigarane. Han måtte òg gje opp alle krav på høgresida av Rhinen. Ludvig XIV gjekk med på å akseptere Vilhelm III som konge av England, medan nederlendarane sette opp ei rekkje festningar i Dei spanske Nederlanda for å sikre grensa si. Men då den barnlause Karl II av Spania såg ut til å vere døden nær, var det ein ny konflikt i gjere over kven som skulle ta over Det spanske imperiet (det viktigaste uløyste problemet i europeisk politikk på denne tida) og dette skulle snart føre Frankrike og Storalliansen ut i den siste krigen til Ludvig XIV - den spanske arvefølgjekrigen.

Bakgrunn 1678–1687 I åra etter den fransk-nederlandske krigen (1672–1678) prøvde kong Ludvig XIV av Frankrike – no på høgda av makta si - å påtvinge ein sams religion i Frankrike og forsterke og utvide grensene sine. Ludvig XIV hadde alt vunne personleg ære med å erobre nye landområde, men han var ikkje lenger villig til å føre ein militærpolitikk av typen han hadde gjort i 1672, der han ikkje kunne vite utfallet, og prøvde i staden å utnytte den militære overmakta Frankrike hadde til å oppnå særskilde strategiske mål langs grensene sine. Den meir modne «Solkongen» var klar over at han hadde tapt avgjerande slag mot nederlendarane og vendte seg frå erobring til tryggleik, og nytta trugslar i staden for open krig til å skremme naboane sine til å underkaste seg.McKay & Scott: The Rise of the Great Powers: 1648–1815, 36

Hovudrådgjevaren til Ludvig XIV, Louvois, utanriksministeren hans Colbert de Croissy, og den tekniske eksperten Vauban, utvikla forsvarsstrategien til Frankrike.Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 37 Vauban hadde gjort seg til talsmann for eit system av uinntakelege festninga langs grensa som ville halde fiendane til Ludvig XIV ute. For å byggje eit skikkeleg system, trengde derimot kongen meir land frå naboane for å sikre ei solid forsvarslinje. Denne rasjonaliseringa av grensa ville gjere ho langt enklare å forsvare og samstundes gjere han meir tydeleg politisk sett, men det skapte likevel det paradokset at medan det endelege målet til Ludvig XIV var forsvar, så prøvde han å oppnå dei med fiendtlege midlar. Kongen tok dei naudsynte områda gjennom det som vart kalla «gjenforeiningar»: det var ein strategi som kombinere lovlege midlar, arroganse og aggresjon.Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 161

Gjenforeiningar mini|Ludvig XIV (1638-1715). Solkongen var den mektigaste monarken i Europa. Nijmegen-traktaten og den tidlegare freden i Westfalen gav Ludvig XIV grunnlag for gjenforeiningane. Desse avtalane hadde gjeve Frankrike nye landområde, men på grunn av den svake ordlyden (som i dei fleste avtalar på denne tida) var dei notorisk upresise og sjølvmotseiande, og aldri spesifikke om dei eksakte grenselinjene. Denne unøyaktigheita førte ofte til forskjellige tolkingar av teksten og langvarige stridar om grensesoner - ein fekk gjerne ein by eller eit område og 'områda kring', men det var ofte uklårt kva desse områda kring var. Maskineriet for å avgjere desse fleirtydige territorialskildringane var alt på plass gjennom mediet i Parlementa i Metz (teknisk sett det einaste 'Gjenforeiningskammeret'), Besançon,og overretten i Breisach, som omhandla høvesvis Lorraine, Franche-Comté og Alsace.Wolf: Louis XIV, 499. Sjølv om det ikkje teknisk sett høyrte til Frankrike, hadde Ludvig XIV integrert Lorraine i kongedømet sitt etter å ha okkupert det i 1670. Det var kanskje ikkje rart at dei som regel avgjorde til fordel for Ludvig XIV.Doyle: Short Oxford History of France – Old Regime France, 182 I 1680 hadde det omstridde grevskapet Montbéliard (som låg mellom Franche-Comté og Alsace) vorte skild frå hertugdømet Württemberg, og i august hadde Ludvig XIV sikra seg heile Alsace utanom Strasbourg. Gjenforeiningskammeret i Metz la kort tid etter krav om landområda kring Dei tre bispedøma Metz, Toul og Verdun, og det meste av det spanske hertugdømet Luxembourg. Festninga i sjølve Luxembourg vart så blokkert med intensjonen om at det skulle verte ein del av forsvarsgrensa til Ludvig XIV.Childs: The Nine Years' War and the British Army, 11

Den 30. september 1681 kringsette franske soldatar Strasbourg og utpostane på høgrebreidda av Rhinen, Kehl, som hadde vorte utnytta av keisaren sine soldatar mot slutten av den fransk-nederlandske krigen. Med å ta keisarbyen med tvang, kontrollerte franskmennene no to av tre bruhovud over Rhinen (dei andre var Breisach, som alt var underlagt Frankrike, og Philippsburg, som Ludvig XIV hadde tapt med Nijmegen-traktaten). Same dag som Strasbourg fall, marsjerte franske styrkar inn i Casale nord i Italia. Festninga vart ikkje teken gjennom gjenforeiningsprosessane, men hadde tidlegare vorte kjøpt av hertugen av Mantova, som i lag med det franske området Pinerolo, gjorde at Frankrike kunne binde Victor Amadeus II, hertugen av Savoie, og truge det spanske hertugdømet Milano (sjå kart under).Piemonte vart no inneslutta av to massive fransk-okkuperte festningar: Casale på austsida og Pinerolo på vessida, som hadde vorte annektert av Frankrike femti år tidlegare i Cherasco-traktaten i 1631. Alle gjenforeiningskrav og annekteringar var viktige strategiske innfartsårer mellom Frankrike og naboane, og alle vart raskt etter utbygd med festningsverk av Vauban og innlemma i festningssystemet hans.McKay & Scott: The Rise of the Great Powers 1648–1815, 37

mini|venstre|Den tysk-romerske keisaren Leopold I (1640–1705).

Gjenforeiningane tok område frå grenseområda i Tyskland, medan annekteringane auka makta til Frankrike i Italia. Med å byggje ei uinntakeleg grense alarmerte Ludvig XIV dei andre europeiske statane slik at krigen han prøvde å unngå ikkje lenger var uunngåeleg: festningane hans dekte ikkje berre grensene hans, dei synte den franske makta.Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 38 Det var berre to statsmenn som kunne ha håp om å stå mot Ludvig XIV: Vilhelm av Oranien, statthaldar i Dei sameinte Nederlanda og den naturlege leiaren for den protestantiske motstanden, og den tysk-romerske keisaren Leopold I, ein opplagt leiar av dei antifranske styrkane i Tyskland og det katolske Europa.Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 19 Men sjølv om Vilhelm og Leopold I ønskte å gjere tiltak, var det ikkje mogeleg med effektiv motstand i 1681–1682: borgarskapet i Amsterdam ønskte ikkje ein ny konflikt med Frankrike. Dei var fullt klare over den svake stillinga si, ikkje berre for Spania, men i heile imperiet, der tyske fyrstar frå Mainz, Trier, Köln, Sachsen, Bayern og mest av alt Fredrik Vilhelm I av Brandenburg som stod i gjeld til Frankrike.McKay & Scott: The Rise of the Great Powers 1648–1815, 38. Fredrik Vilhelm ville ikkje gå mot Frankrike. Med fransk støtte håpte han å erobre Pommern.

Kampar på to frontar

Sidan Leopold I hadde blanda seg inn i den fransk-nederlandske krigen, rekna den franske kongen keisaren som den farlegaste fienden sin. Likevel hadde Ludvig XIV liten grunn til å frykte han. Leopold I var svak i Tyskland og var i stor fare langs dei ungarske grensene der osmanske tyrkarar truga med å køyre over heile Sentral-Europa frå sør. Ludvig XIV hadde oppfordra og assistert den osmanske kampen mot dei habsburgske landområda til Leopold I, og hadde forsikra porten om at han ikkje kom til å støtte keisaren. Han hadde òg oppfordra kong Sobieski av Polen (utan hell) om å ikkje ta Leopold I si side, og pressa dei misnøgde fyrstane i Transilvania og Ungarn til å slå seg saman med styrkane til sultanen og frigjere områda sine frå det habsburgske styret.Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 20 Då tyrkarane kringsette Wien våren 1683, gjorde ikkje Ludvig XIV noko for å hjelpe forsvararane.Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 18.

Ludvig XIV utnytta den osmanske trugselen i aust og invaderte Dei spanske Nederlanda den 1. september 1683 og fornya omleiringa av Luxembourg, som han hadde gjeve opp året før. Franskmennene kravde av keisaren og Karl II av Spania at dei respekterte dei nylege gjenforeiningane, men spanjolane ønskte ikkje å sjå fleire av områda sine falle inn under Ludvig XIV.Wolf: Ludvig XIV, 513 Dei militære vala til Spania var særs avgrensa, men det osmanske nederlaget føre Wien den 12. september hadde òg gjeve dei mot. I håp om at Leopold I ville gjere fred i aust og kome til deira assistanse, erklærte Karl II no krig mot Frankrike den 26. oktober. Keisaren valde derimot å halde fram den tyrkiske krigen på Balkan og enn så lenge gjere kompromiss i vest. Med Leopold I uvillig til å kjempe på to frontar, eit sterkt nøytralt parti i Dei sameinte Nederlanda som stogga Vilhelm, og ein sta kurfyrste av Brandenburg som heldt på alliansen med Ludvig XIV, var det ikkje noko anna utfall enn total fransk siger.Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, 24