Haag-traktaten vart signert 7. september 1701 mellom England, Det tysk-romerske riket og Dei sameinte Nederlanda. Avtalen vart forhandla fram av Vilhelm III av England og signert av keisar Leopold I og delegatar frå Dei sameinte Nederlanda. Basert på vilkåra i avtalen, vart Filip V anerkjend som konge av Spania, medan England og Nederlanda fekk halde handelsrettane sine i Spania. I tillegg fekk Austerrike dei spanske territoria i Italia, i tillegg til Dei spanske Nederlanda, som verna området frå fransk kontroll. Samstundes danna partane ein forsvarsallianse mot Frankrike.
Sjå òg Storalliansen Den spanske arvefølgjekrigen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Treaty of The Hague (1701)» frå , den 19. mai 2011.
Haag(1701) Haag(1701) Haag(1701) Kategori:Avtalar i 1701