Sócrates Brasileiro Sampaio de Souza Vieira de Oliveira (), best kjend som Sócrates, var ein profesjonell fotballspelar frå Brasil. Mellom 1979 og 1986 spela han 60 kampar for det brasilianske landslaget og scora 22 mål. Han deltok i Fotball-VM 1982, då som kaptein, og i Fotball-VM 1986.
Karriere
Frå 1979 spela han for Botafogo FC. I Brasil spela han og for Corinthians, Flamengo og Santos. I 1984 - 85 var han med i Fiorentina i Italia.
Sócrates slutta å spele i 1989, men gjorde i 2004 comeback som spelande trenar i det engelske amatørlaget Garforth Town.
Sócrates var busett i Brasil med kone og seks born. Samtidig med den profesjonelle fotballkarrieren var han utdanna lækjar og jobba som dette heime i Brasil. Han skreiv mykje i lokalavisene både om sport, økonomi og politikk. Sócrates døydde etter kort tids sjukdom.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sócrates» frå , den 28. mai 2012.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Corinthians-spelarar Kategori:Fiorentina-spelarar Kategori:Flamengo-spelarar Kategori:Brasilianske fotballtrenarar Kategori:Døde av infeksjonssjukdommar