Gustav Heiberg () var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Nes i Hedmark. Han representerte Venstre.

Heiberg var son til ein gardbrukar og landhandlar. Han var student i 1879 og cand. jur. i 1882. Frå 1883 var han overrettssakførar og seinare høgsterettsadvokat på Hamar. Attåt var han eigar av fleire gardar og skogeigedomar. Årevis var han medlem av bystyret og ei tid ordførar i Hamar. Han var ordførar i representantskapet i den lokale sparebanken og styreformann i Hamar bankkontor. I 1910 vart han medlem av den kongelege matrikkelkommisjonen.

Heiberg representerte krinsen Hamar, Lillehammer og Gjøvik på Stortinget perioden 1892-94. Han var i 1892 medlem av justiskomiteen, 1892-94 av næringskomite nr 1, og frå 23. april 1892 av fullmaktskomiteen. I 1893 var han med i den utvida jarnbanekomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Hamar ministerialbok 1933-55

Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Folk frå Ringsaker