mini|Omayyademoskeen i 2010.

Omajademoskeen eller Den store moskeen i Damaskus er ein moské som stod ferdig i 715. Han er ein av dei største og eldste moskeane i verda, og er rekna blant dei heilagaste bygningane i islam. I moskeen finst grava til sultanen Saladin og relikviar av Johannes døyparen.

Moskeen blei reist av omajadeherskarar etter at dei grunnla kalifatet sitt med hovudsete i Damaskus. Omajademoskeen er bygd på staden der det tidlegare stod ei kristen Johanneskyrkje, reist av keisar Theodosius og sonen hans på 300-talet. Kyrkja igjen blei bygd på tomta etter eit gammalt tempel til Jupiter og før det den semittiske guden Hadad.

I 2003 blei Omajademoskeen og området rundt renovert. 15. mars 2011 blei moskeen åstad for den første større protesten mot Assad-regimet i Syria då 40-50 vitjande ropte demokrati-slagord utanfor moskeområdet.Protesters stage rare demo in Syria, Al-Jazeera English (15. mars 2011), Al-Jazeera; Syria unrest: New protests erupt across country (1. april 2011), BBC News

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Umayyadmoskén» frå , den 24. mai 2011. Denne artikkelen bygger på «Umayyad Mosque» frå , den 24. mai 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Omajade-ariktektur Kategori:Moskéar i Damaskus Kategori:Moskear frå 700-talet Kategori:Mausoleum i Syria Kategori:Bibliotek i Syria Kategori:Turistmål i Syria Kategori:Islamske heilage stader