Øy-Blikk er ei lokalavis som vert utgjeven i Giske kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Det er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, og som dekkjer dei fire øyene Valderøya, Vigra, Giske og Godøya. Avisa vert redigert på nynorsk.

Øy-Blikk vart etablert av Odd Egil Valderhaug i oktober 1985.

Øy-Blikk kjem ut kvar torsdag. Det er Orkla Trykk i Molde som trykkjer avisa.

Avisa har fire fast tilsette som utgjer 3,6 årsverk.

Opplagstal

Kjelder

Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Giske kommune Kategori:Aviser i Møre og Romsdal Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Skipingar i 1985