Valderøya er ei øy i Giske kommune på Sunnmøre.
Med 4413 innbyggjarar (2024) er øya den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaugstrand, sør på øya. Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane. Rådhuset i Giske kommune ligg på Valderøya.
Geografi Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staursundet. Valderøytunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.
Historie Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghellaren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden.
Øya høyrde til Borgund kommune fram til 1908.
Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 224 606 2976 4413
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff «Valderøy» «Øyriket Giske» på giske.kommune.no
Kategori:Øyar i Giske