mini|Åsane kring Durisdeer frå vegen A702 Southern Uplands er den sørlegaste og minst folkesette av dei tre store geografiske områda i Skottland. Dei andre er Dei sentrale låglanda og Dei skotske høglanda. Uttrykket vert nytta om både den geografiske regionen og dei forskjellige åsrekkjene i regionen. Southern Uplands ligg sør for ei forkastingslinje som går frå Ballantrae ved kysten av Ayrshire og nordaustover til Dunbar i East Lothian ved kysten av Nordsjøen.

Det høgaste punktet i Southern Uplands er Merrick med ei høgd på 843 meter over havet.

Åsar Det er fleire lokale åsrekkjer i Southern Uplands. Frå aust til vest er desse:

Cheviot Hills Lammermuir Hills Moorfoot Hills Tweedsmuir eller Manor Hills Culter Hills Moffat Hills Ettrick Hills Lowther Hills Carsphairn og Scaur Hills Galloway Hills

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Southern Uplands» frå , den 2. juli 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell og åsar i Scottish Borders Kategori:Fjell og åsar i Dumfries and Galloway