Black Isle (skotsk-gælisk an t-Eilean Dubh) er eit område aust i Dei skotske høglanda i grevskapet Ross and Cromarty.

Her ligg byen Cromarty og landsbyar som Conon Bridge, Muir of Ord, Munlochy, Avoch, Rosemarkie, Fortrose, Tore, North Kessock og Culbokie

Trass i namnet er ikkje Black Isle ei øy, men ei halvøy, omgjeven av Cromarty Firth i nord, Beauly Firth i sør og Moray Firth i aust. I vest grenser halvøya til elvane River Conon og River Beauly.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Black Isle» frå , den 3. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ross and Cromarty Kategori:Geografi i Highland Kategori:Halvøyar i Skottland