Wharfe er ei elv i Yorkshire i England. Langs store delar av løpet sitt utgjer ho grensa mellom West og North Yorkshire.

Elva renn gjennom Wharfedale. Ho har utspringet sitt ved Langstrothdale Chase i Yorkshire Dales, og renn gjennom Kettlewell, Grassington, Bolton Abbey, Addingham, Ilkley, Otley, Wetherby og Tadcaster. Ho renn så inn i Ouse nær Selby, omkring 97 km frå utspringet. Den øvre delen av elva, ned til området ved Addingham, blir kalla Upper Wharfedale, og elva har der ein markant annan karakter enn lenger ned.

Wharfe er kjent for å vere ei farleg elv for symjarar, og det har vore ei rekkje drukningsulykker der.

mini|venstre|Samløpet mellom Oughtershaw Beck og Green Field Beck som dannar elva Wharfe i Langstrothdale nær Beckermonds

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wharfe» frå , den 7. juli 2011.

Kategori:Elvar i North Yorkshire Kategori:Elvar i West Yorkshire Kategori:Site of Special Scientific Interest i England