Smethwick er ein by i distriktet Sandwell i West Midlands i England. Han ligg i utkanten av byen Birmingham innanfor grensene til dei historiske grevskapa Staffordshire, Worcestershire og Warwickshire.

Opphavleg var området eit bydistrikt og frå 1894 ein kommune i Staffordshire. I 1907 vart det eit eige distrikt. I 1966 vart Smethwick slått saman med distrikta Oldbury og Rowley Regis til distriktet Warley, og vart overført til grevskapet Worcestershire. Dette vart igjen slått saman med West Bromwich i 1974 for å danne distriktet Sandwell, som vart innlemma i det nye grevskapet West Midlands. Byen Oldbury-Smethwick hadde kring 140 000 innbyggjarar i 2007.

Kjende folk frå Smethwick Charles Douglas Fox (1843–1921), sivilingeniør Sydney Barnes (1873–1967), cricketspelar Ann George (1903–1989), skodespelar Julie Walters (f. 1950), skodespelar Patrick Cowdell (f. 1953), boksar Mark Van Hoen (f. 1966), electronisk musikar Richard Swinburne (f. 1934), filosof

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Smethwick» frå , den 10. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i West Midlands