Oldham er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg i ytterkanten av grevskapet i Penninane, og er den største byen og administrasjonssentret i det sjølvstyrte distriktet Oldham.
Historisk har byen høyrt til Lancashire. Han vart eit viktig sentrum for tekstilproduksjon på 1800-talet, og opplevde eksplosiv vekst under den industrielle revolusjonen. I ein periode var Oldham den mest produktive staden for bomullsspinning i verda.
Oldham har ein profesjonell fotballklubb, Oldham Athletic.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oldham» frå , den 10. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Stor-Manchester Kategori:Busetnader grunnlagde på 800-talet