mini|Gudbrandsdalsvegen (FV312) mot Storhove sørfrå. mini|Fylkesveg 312 i Øyer sentrum (Granrudmoen) Fylkesveg 2522 går mellom Sjoa i Sel kommune og Smestadmoen i Lillehammer kommune, men ikkje gjennomgåande på heile strekninga. Vegen stoppar på Frya i Sør-Fron kommune og startar att på Tretten i Øyer kommune.
Historikk Vegen mellom Frya i Sør-Fron kommune og Sjoa i Sel kommune var E6 til då nye E6 opna i desember 2016. Lokalvegen vart gjort om til fylkesveg 312, noverande 2522. Før Øyertunnelen opna 12. desember 2012 var strekninga mellom Tretten og Øyer sentrum ein del av E6.
Det er planlagt ny E6 mellom Frya og Ringebu, og då blir gamle E6 ein del av fylkesveg 2522.
Fram til 2019 hadde vegen namnet Fylkesveg 312 i Oppland.
Kommunar og knutepunkt
mini|På Harpefoss
Erstatta av E6
mini|I Øyer sentrum (Granrudmoen)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
312 Kategori:Vegar i Lillehammer Kategori:Vegar i Øyer Kategori:Vegar i Sel Kategori:Vegar i Nord-Fron Kategori:Vegar i Sør-Fron