Redhill er ein småby i Surrey i England. Han ligg i pendlarområdet til London.

Byen oppstod då ein veg gjennom området vart lagd i 1818. Han vart først kalla Warwick Town, men vart omdøypt til Redhill då postkontoret flytta frå allmenningen Red Hill i 1856.

I England er byen mest kjend for det psykiatriske sjukehuset sitt, der to av den no avlidne dronningmora Elizabeth Bowes-Lyon sine nieser hadde tilhald i mange år.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Redhill (Surrey)» frå , den 14. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Surrey