1865 (romartal MDCCCLXV) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet Ein britisk parlamentskomite føreslo at Storbritannia burde trekke seg ut av Vest-Afrika. Wellington vart offisiell hovudstad på New Zealand.
Noreg Selskabet Bondevennerne, den første veljarorganiseringa i Noreg, vart grunnlagt av Søren Jaabæk.
Fødde mini|Jean Sibelius vart fødd 8. desemeber i Tavastehus
27. april: Jacob Aaland, norsk historikar 3. juni: Georg V av Storbritannia, britisk konge 9. juni: Carl Nielsen, dansk komponist 12. juni: Anders Beer Wilse, norsk fotograf 3. august: Johannes Ness, norsk målar 12. august: Henrik Kaarstad, norsk pedagog 11. oktober: Hans E. Kinck, norsk forfattar og filolog 13. oktober: Nils Tjoflot, norsk spelemann 2. november: Paul Olaf Bodding, norsk misjonær og lingvist 2. november: Warren G. Harding, USA-amerikansk president 8. desember: Jean Sibelius, finsk komponist 17. desember: Anders Kirkhusmo, norsk fagforeingsleiar 30. desember Rudyard Kipling, britisk forfattar
Døde
19. januar: Pierre-Joseph Proudhon, fransk forfattar 15. april: Abraham Lincoln, president i USA 4. mai: Christian H. Grosch, norsk arkitekt 10. juli: Ulrik Motzfeldt, norsk jurist og politikar 13. august: Ignaz Semmelweis, ungarsk lækjar 21. november: Adolf Bredo Stabell, norsk journalist og politikar 16. desember: Cleng Peerson, norsk utvandringspioner