Hatfield er ein by i grevskapet Hertfordshire i England. Han har kring 45 000 innbyggjarar og har saksisk opphav. Hatfield House, heimen til markien av Salisbury, ligg midt i gamlebyen. Frå 1930-åra, då de Havilland opna ein fabrikk, og fram til 1990-åra då British Aerospace vart stengd, var Hatfield forbunden med design og produksjon av fly. Dette var i denne perioden hovudnæringa i byen. Hatfield var ein av dei planlagde byane kring London i etterkrigstida og har ein modernistisk arkitektur frå denne perioden. University of Hertfordshire ligg her. I 2000 var det ei togulukke i byen på linja frå London til York, der fire menneske mista livet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hatfield, Hertfordshire» frå , den 21. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Hertfordshire