Droylsden er ein by i grevskapet Stor-Manchester i England. Han har kring 24 000 innbyggjarar og ligg 6,5 km aust for sentrum av Manchester og 3,5 km sørvest for Ashton-under-Lyne.

Historisk var byen ein del av Lancashire og voks som ein fabrikkby kring bomullsfabrikkane oppretta på midten av 1800-talet. Frå starten av 1930-åra auka folketalet i Droylsden kraftig og han voks saman med Manchester.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Droylsden» frå , den 24. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Stor-Manchester