Samisk språkforsking, eller studiet av samisk, har ein lang tradisjon i Noreg. Frå Knud Leem sin grammatikk og ordbøker midt på 1700-talet var samisk betre utforska enn norsk i over ein hundreårsperiode. Vi kan dele samisk språkforsking i Noreg i tre periodar, 1700- og 1800-talet (Leem til Friis), perioden frå Qvigstad til Bergsland, og perioden til forskarane utdanna i etterkrigstida.

Den før-junggrammatiske perioden (Leem til Friis)

Samisk språkforsking i Noreg vart grunnlagt av Knud Leem, som skreiv ein 388-siders grammatikk i 1748 (En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges af Field-Lapperne udi Porsanger-Fiorden ), ei 892-siders Norsk-lappisk Ordbog i 1852 og ei 1610-siders ordbok i 1768 (Lexicon Lapponicum bipartitum : Lapponico–Danico–Latinum & Danico–Latino–Lapponicum : cum indice Latino). Grammatikken er ei presis skildring av bøyingsmønsteret i den austlege Porsangerdialekten av nordsamisk. Grammatikken er laga etter mønster av latinske grammatikkar, noko som gir han eit forbausande moderne ord- og paradigme-preg. Leem bøyger substantiva etter latinsk mønster, altså med eit overflødig kasus vokativ, som han sett lik genitiv, og med ablativ systematisk splitta i to, slik at han får med seg lokativ og komitativ (utan å gje dei eigne namn). Berre essiv manglar frå kasuslista. I verbalsystemet opererer Leem med 5 konjugasjonar, -am, -em, konsonant-, -im og -om klassene. Kontrakte verb på -ot, -át er ikkje handsama separat, men elles har Leem landa på den same klassifiseringa som vi bruker i dag. Han har også identifisert hjelpeverba kalkam, fertim, taidam, lem, og oppgjev bøyingsmønsteret deira. Leem kommenterer stadievekslinga, men ser det som ein tendens, heller enn som ein regel (De, som i prima Persona haver b, faaer gierne i tertia Persona pp (utheva her)). Leem opplyser også om orddanning, t.d. om diminutiv for substantiv, og om inkoativ for verb. Alt i alt er grammatikken hans eit framifrå verk for den perioden.

Dette fall saman med opprettinga av Seminarium Lapponicum Fridericianum i Trondheim i 1752. Målet var å lære ungdom samisk, så dei seinare kunne studere teologi og arbeide som misjonærar blant samane.

Ein annan lingvist frå same periode er Anders Porsanger. Han spelte ei viktig rolle for János Sajnovics (1733-1785), som kom til Vadsø 11. oktober 1768 og vart der vinteren over i lag med ekspedisjonen som skulle observere Venuspassasjen 3. juni 1769, for å undersøke om ungarsk var i slekt med samisk. Mykje på grunn av den hjelpa Sajnovics fekk av Porsanger kunne han slå fast dette slektskapet, lenge før grunnlegginga av indoeuropeisk samanliknande språkvitskap. Porsanger skreiv også om samisk, men på grunn av rasistiske fordommar i samtida fekk han ikkje desse verka utgjeve, og det meste av det er tapt. T.d. meinte dei ved Katedralskolen i Trondhjem at Porsanger ikkje kunne samisk, fordi han las opp orda i Leem sin grammatikk slik dei vart uttalt på samisk, mens dei skriftlærde der las det slik det vart skrive, men etter danske uttalereglar.

Den neste norske forskaren som arbeider med samisk er Nils Vibe Stockfleth. I 1830 besøkte Stockfleth Rasmus Rask i København, og diskuterte samisk grammatikk med han. Som resultat publiserte Rask i 1832 sin Ræsonneret lappisk sproglære efter den sprogart, som bruges af fjældlapperne i Porsangerfjorden i Finmarken. En omarbejdelse af Prof. Knud Leems Lappiske grammatica. Rask overtydde Stockfleth om at den samiske ortografien skulle bli basert på ein lyd - ein bokstav -prinsippet, dermed introduserte dei ein ortografisk skilnad som er synleg den dag i dag, med nordsamisk språk etter Rask-tradisjonen, og lulesamisk etter tradisjonen frå før Rask. Seinare publiserte Stockfleth sin eigen grammatikk (Grammatik i det lappiske Sprog, saaledes som det tales i norsk-Finmarken. 1, Bogstav- og Formlæren). Denne grammatikken gjev ikkje så mykje nytt samanlikna med Rask. J.A. Friis publiserte sin Lappisk grammatik i 1856. Nytt i denne grammatikken samanlikna med tidlegare grammatikkar er kapittel om orddanningslære og syntaks.

Den junggrammatiske perioden (frå Qvigstad til Nesheim)

Det diakrone studiet av samisk starta med innverknaden frå Vilhem Thomsens avhandling frå 1868, Den gotiske Sprogklasses indflydelse paa den Finske . Med denne avhandlinga brakte Thomsen studiet av finsk inn i rampelyset for samtidig nordeuropeisk språkforsking. Ideane hans vart kjapt plukka opp av E.N. Setälä og andre i Finland, der den neogrammatiske innfallsvinkelen skulle dominere studiet av både fennougristikk generelt og samisk spesielt det neste hundreåret. Forsking på samisk vart viktig for den nyoppretta forskingsområdet fennougristikk, i og med at dei samiske språka kunne gje viktig innsikt i arbeidet med å aldersbestemme den finskugriske stadievekslinga, som var eit sentralt emne i debatten rundt rekonstruksjonen av den uralske språkfamilien.

Forskarane innanfor den junggrammatiske perioden (Just Qvigstad, Konrad Nielsen, Asbjørn Nesheim og Johan Beronka) såg kvarandre som del av denne vitskaplege tradisjonen, som dei såg på som eit brot med tidlegare forsking. I JSFOu XLVI (1933) karakteriserte Nielsen Friis på denne måten: «Professor Friis was the last of the Fenno-Ugric researchers of the old school. The new generation put up stricter demands to the linguistic material (...) The linguists began doing research on Lappish for strictly scientific reasons».

Alt desse forskarane publiserte om språk i vitskaplege tidsskrift var skrive innanfor det junggrammatiske paradigmet (vi ser bort frå ordbøkene og grammatikkane for ein augneblink, sjå nedanfor). Særleg klårt kjem dette fram når det gjeld Nesheim. Han har ein rik produksjon om sosialantropologiske emne, men bortsett frå arbeidet hans med ordbøker, er den einaste publikasjonen hans om språk, «koaffikset» n i den lappiske possessive deklinasjon., ein junggrammatisk studie, som relaterer seg til litteraturen om språkhistorie, og til diskusjonen om den uralske språkfamilien i det heile.

Det typiske norske bidraget til samisk lingvistikk i denne perioden var ein artikkel som kommenterte den internasjonale junggrammatiske debatten, med empirisk basis enten i eige ordboksarbeid (Nielsen og Nesheim), eller i sørsamisk (Bergsland).

Paradoksalt nok var dei norske forskarane usamd med den dominerande tradisjonen når det galdt kor forskingsfokuset skulle setjast inn. I prøveforelesinga til doktorgraden i Helsingfors i 1902 argumenterer Nielsen mot det dominerande junggrammatiske synet (JSFOu XXI,4 1903):

«Mutta täytyykö siis kaiken työn tarkoituksena tällä alalla olla yksinomaa keinojen hankkiminen kielen menneisyyden selittämiseksi? Eikö kielen elävällä nykyisyydellä ole omaa itsenäistä merkitystään? Epäilemättä sillä on: kokonaisuutena sekä moninaisissa eri yksityisilmiöissään antaa alituiseen syntyvä ja kehittyvä elävä kieli erittäin monipuolista tutkimusainetta kielifilosofialle.» (Men må altså målet med alt arbeid på dette området vere berre å skaffe metodar til å forklare språket si fortid? Har ikkje språket si levande notid si eiga viktige rolle? Det har det tvilslaust: Både som heilskap og i dei mange ulike einskildtrekka sine gjev det levande språket, fødd og utvikla i undermedvitet, eit svært viktig forskingsmateriale for språkfilosofien)

Dette vart følgt opp av Bergsland i den historisk orienterte (debut)artikkelen hans om fennougristikk, L'alternance consonantique date-t-elle du lapon commun?, frå 1945:

«En essayant de voir les faits dialectaux, non pas comme des matériaux ápars d'une constructions théoretique, mais dans le tout dont ils font partie, c'est á dire dans les systémes synchroniques et dans leur enchanement géographique, nous suivons de trés prés la pensée de M. Konrad Nielsen, qui a fait de la langue vivante l'objet principal de sa science (...)»

Det viktigaste arbeidet om samisk utført av norske språkforskarar var altså innanfor synkron lingvistikk, om samisk grammatikk og leksikon. Nielsens fembandsordbok Lappisk (samisk) ordbok/Lapp Dictionary (publisert med hjelp av Asbjørn Nesheim og Hans Henriksen) er eit monumentalverk på 2260 tospalta ordbokssider, ein 560-siders systematisk del, der lemmaa er klassifisert etter semantiske kriteria, og ein supplementsdel som inneheld ord frå Leem si ordbok som ikkje er med i Nielsen si ordbok. Ordboka dekker dialektane i Polmak (øvre Tana), Karasjok og Kautokeino, og inneheld fonetisk transkripsjon av alle oppslagsorda på dei tre dialektformene, eksempelsetningar, og omsetjingar til norsk og engelsk. Denne ordboka er fundamentet all seinare nordsamisk leksikografi byggjer på, og er standardreferansen blant språkforskarar (2010-talet). Grammatikken i trebandsverket hans, Lærebok i lappisk vart også utgangspunktet for seinare grammatikkar over nordsamisk.

I og med at det vitskaplege paradigmet i perioden var historisk, vart det synkrone arbeidet deira skrive som referanseverk heller enn som vitskaplege verk. Heller enn å sjå grammatikken sin som eit vitskapleg verk, kalla Nielsen det for ei Lærebok i lappisk, meint for praktisk bruk, heller enn som ein tekst skrive primært for vitskapleg orienterte lesarar.

Samisk strukturalisme: Bergsland Frå og med trettitalet fanst det eit alternativt vitskapleg rammeverk til den dominerande junggrammatikken, nemleg strukturalismen. Bergsland skreiv sin Røroslappisk grammatikk (1946) innanfor denne tradisjonen, grammatikken var faktisk meir ei studie i glossematikk med sørsamisk som eksempelspråk enn ein referansegrammatikk over sørsamisk. Men dei gongane grammatikken vart referert til (som den ofte vart, det er framleis standardkjelden til sørsamisk grammatikk), vart den alltid brukt som referanse for arbeid om samisk språkhistorie, heller enn som innlegg i den teoretiske debatten om strukturalisme. Bergsland sjølv deltok heller ikkje i den strukturalistiske debatten etter at han hadde publisert grammatikken sin. Mangelen på interesse for arbeidet hans frå andre teoretiske lingvistar, og mangelen på interesse for strukturalismen frå dei finskugriske kollegena hans, kan vere grunnen til at han gjekk attende til det junggrammatiske paradigmet. Ein annan grunn til å forlate det strukturalistiske paradigmet kan vere at Louis Hjelmslev sin glossematiske teori kom til å bli ein blindveg i lingvistikkens historie, utan tilhengarar, verken i Skandinavia eller andre stader.

Hovudvekta av Bergsland si vitskaplege innsats i tiåra etter krigen låg innanfor eskimologi. Om samisk skreiv han ein del allmennhistoriske artiklar, han vart brukt som sakkunnig i ein del rettssaker mellom sørsamar og bønder i Trøndelag. Han skreiv ei svært god lærebok i nordsamisk grammatikk i 1962, og spreidde artiklar i ulike finskugriske publikasjonar. Samisk vart undervist ved Universitetet i Oslo, der Bergsland var professor, men det var først og fremst prestar som studerte samisk.

Fram til Universitetet i Tromsø vart oppretta var det Tromsø Museum som var den einaste vitskaplege institusjonen i samisk område. Museet konsentrerte seg om etnografisk arbeid, men har også ein god del språkrelatert arkivmateriale, m.a. Just Qvigstad sine notatar.

1970 til i dag

Arbeidet med å etablere eit nytt paradigme for samisk språkforsking, lausrive frå komparativ fennougristikk, og utan referansar til fjerne språklege slektningar, kvilte på etterkrigsgenerasjonen. Den nye perioden starta ut med to arbeid om fonologi, begge avlagt ved Universitetet i Oslo, tidstypisk nok av forskarar som begge kom til å arbeide ved Universitetet i Tromsø.

Dei første arbeida vart skrive av Nils Jernsletten og Ove Lorentz, som begge skreiv magistergradsavhandlingane sine om fonologi. Jernsletten skreiv om prosodien i Tanadialekten, og Lorentz skreiv ei generativ analyse av omlyd i sørsamisk. Etter denne lovande starten varte det lenge før samisk fonologi skulle få merkesemd i Noreg, til Patrik Byes doktoravhandling om stadieveksling i samisk, innanfor det optimalitetsteoretiske paradigmet.