Olaf Moriarty Solstrand () er ein norsk teikneserieforfattar frå Åfjord kommune i Sør-Trøndelag, no busett i Ski. Han har skrive Disney-teikneserier for Egmont sidan 2001, og vart då den første norske Disney-forfattaren sidan 1980-åra. Den første historia hans, «Donald for en dag», vart publisert i Donald Duck & Co nr. 26/2003, og er teikna av Nuñez.

16. juni 2006 skapte Solstrand nettstaden Nettserier.no, ein nettstad som fungerer både som utstillingsvindauge for lovande norske serietalent, og ein stad der serieteiknarar kan finne kvarandre og utveksle tilbakemeldingar og røynsler.

13. september 2010, under den årlege teikneseriefestivalen Raptus, vart Solstrand tildelt "Raptusprisen" for sin innsats for teikneseriar i Noreg.

Referansar

Bakgrunnsstoff Andeby Online Olaf Moriarty Solstrand i Inducks Eiga nettside Nettserier.no

Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Disneyteikneseriar Kategori:Folk frå Åfjord