Charles Thomson Rees Wilson () var ein skotsk fysikar og kjemikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 for metoden hans å gjere banane til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. Han delte prisen med Arthur Holly Compton som fekk prisen for oppdaginga av comptoneffekten.

Etter at faren hans døydde i 1873, flytta familien til Manchester. Wilson vart utdanna ved Owen's College der han studerte biologi for å bli lege. Han flytta så til Sidney Sussex College i Cambridge, der han vart interessert i fysikk og kjemi. Etter dette vart Wilson spesielt interessert i meteorologi, og i 1893 byrja han å studere skyer og eigenskapane deira. For ei tid jobba han ved observatoriumet ved Ben Nevis, der han utførte observasjonar av skyformasjonar. Han freista så å reprodusere desse effektane i ein mindre skala ved å utvide fuktig luft i ein forsegla behaldar ved laboratoriet i Cambridge. Seinare eksperimenterte han med å skape spor av skyer årsaka av ion og stråling. For oppfinninga av tåkekammeret vart han tildelt Nobelprisen i 1927.

I 1908 gifta Wilson seg med Jessie Frasar i 1908, dotter av ein prest frå Glasgow, og paret hadde fire born. Han døydde i nærleiken av Edinburgh, omgjeven av familien sin.

Priser og utmerkingar (utval) 1935 – Copleymedaljen 1927 – Nobelprisen i fysikk 1911 – Hughesmedaljen

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Charles Thomson Rees Wilson» frå , den 2. august 2011. oppgav desse kjeldene: </ref> </ref>

Kategori:Skotske kjemikarar Kategori:Skotske fysikarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Midlothian Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet