Vilhelmina Helena Pauline Marie av Oranien-Nassau () var prinsesse av Nederlanda (1880–1890, 1948–1962), prinsesse av Oranien-Nassau, hertuginne av Limburg (1890–1948), hertuginne av Mecklenburg (1901–1962), dronning av Nederland frå 1890 til 1948, og dronningmor frå 1948 til ho døydde i 1962 med tittelen prinsesse Vilhelmina av Nederland. Vilhelmina var nederlandsk regent i 58 år, lenger enn nokon annan i historia til landet. Prinsesse Vilhelmina var einaste barn av kong Vilhelm III og den andre kona hans, Emma av Waldeck-Pyrmont.

Perioden hennar som statsoverhovud såg fleire avgjerande periodar i historia til landet, første verdskrigen og andre verdskrigen, depresjonen på 1930-talet og tilbakegangen til Nederland som kolonimakt. Utanfor Nederland er ho mest kjend for rolla si som monark i eksil under andre verdskrigen, der ho var ein stor inspirasjon for dei okkuperte innbyggjarane i landet.

Barndom Vilhelmina, som i dei første vekene av livet vart kalla Paulientje (vesle Pauline), hadde tre eldre halvbrør frå det første ekteskapet til faren med Sophie av Württemberg: Willem (1840–1879), Maurits (1843–1850) og Alexander (1851–1884). Den einaste som framleis levde då ho vart fødd var Alexander, som var så opprørt over det andre ekteskapet til faren at han nekta å møte systera si. Han døydde då ho var fire år gammal.

Då Vilhelmina var ti år gammal døydde faren, og ho vart dronning. Fram til den attande fødselsdagen hennar var mora Emma regent. I Storhertugdømet Luxemburg hadde berre dei mannlege arvingane rett til trona, og krona til storhertug gjekk over til den walramske greina av huset Nassau, Adolf.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wilhelmina av Nederland» frå , den 5. august 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske dronningar Kategori:Huset Oranien-Nassau Kategori:Politiske leiarar under andre verdskrigen Kategori:Den kvite ørn-ordenen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Haag Kategori:Nederlandske prinsesser Kategori:Prinsesser av Oranien Kategori:Hertuginner av Limburg Kategori:Hertuginner av Mecklenburg Kategori:Nederlandske regentar Kategori:Nederlandske monarkar