Erling Fløtten () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Erling Fløtten vart fødd i Kirkenes. Han var fylkesordførar i Finnmark mellom 1987 og 1995. Deretter var han regionaldirektør for NHO si Finnmarksavdeling, til han gjekk av med pensjon i 2007. Som fylkesordførar skreiv han under på den første samarbeidsavtalen mellom Finnmark og Murmansk Oblast i 1988.

I 2009 melde Fløtten seg ut av Arbeidarpartiet, etter at han ikkje vart attvald i styret for Finnmarkseiendommen (FeFo).

Fløtten var også sjakkspelar i Vadsø Sjakklubb, og var president i Norges Sjakkforbund 1997-1998. I den tredje runda i Verdsmeisterskapen i sjakk for seniorar i 2010 i Arco i Italia, fall Fløtten om ved sjakkbordet, og trass i at lege kom raskt til, stod livet ikkje til å redde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erling Fløtten» frå , den 14. august 2011.

Kategori:Ap-politikarar i Finnmark Kategori:Fylkesordførarar i Finnmark Kategori:Fylkesordførarar frå Ap Kategori:Presidentar i Norges Sjakkforbund Kategori:Folk frå Sør-Varanger