Heinrich Wilhelm Dove () var ein prøyssisk fysikar og meteorologar, som studerte historie, filosofi og naturvitskap.
Han arbeidde ved fleire tyske universitet som meteorolog og fysikar. Frå 1849 var han direktør ved Preussens Meteorologiske Institutt. Han skreiv over 300 artiklar om fysikk, meteorologi og klimatologi. Basert på både sine eigne og andre sine studiar av lågtrykksrørsler og vindtilhøva kring desse formulerte han stormlova, Doves lov, om korleis vinden endrar retning på ein stad når eit lågtrykk passerer, noko som førte til praktiske reglar for korleis sjølfolk skulle navigerer i nærleiken av lågtrykkssenter.
Kjelder
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske meteorologar Kategori:Tyske klimatologar Kategori:Medlemmar av Royal Society