mini|Blåis over Fryxellsjøen i Transantarctic Mountains i Antarktis Blåis er eit omgrep for den nedre delen av ein isbre, der snøen smeltar om sommaren og det er is i overflata.
Når breen flyttar på seg vert luftbobler i isen pressa ut og storleike på iskrystallane aukar, slik at isen vert klår.
I somme område har jordskjelv heva blåisen over bakkenivå og skapt formasjonar som store frosne bølgjer.
Blåfargen vert ofte tilskrive rayleigh-spreiing. I staden er isen blå av same årsak som at vatn er blått, som følgje av ein overtone av oksygen-hydrogen-band (O-H) som absorberer lys i den raude enden av det synlege spektrumet.
Rullebanar i Antarktis Blåisen kjem fram i område av Antarktis der det ikkje fell snø, eller i område der snøfall vert motverka av sublimasjon eller andre tap. Desse områda har vorte nytta som rullebanar, på grunn av den harde overflata.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blue ice (glacial)» frå , den 5. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Why is ice blue? Glaciology of Blue Ice Areas in Antarctica Blue Ice in Antarctica Blue Ice Runways in Antarctica Blue Ice images from Antarctica
Kategori:Glasiologi Kategori:Vassis