Hans Pettersson () var ein svensk oseanograf og fysikar. Han var son av Otto Pettersson.

Pettersson var professor i oseanografi ved Göteborgs universitet frå 1930 til 1956. Han utførte viktige arbeid, særleg om radioaktive stoff i havet og i botnsediment. Pettersson leia den svenske djuphavsekspedisjonen Albatross i 1947-1948.

Pettersson vart i 1948 medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Kjelder

Kategori:Svenske oseanografar Kategori:Svenske fysikarar Kategori:Oseanografiprofessorar Kategori:Professorar ved Göteborgs universitet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet