Gaspard Monge, Comte de Péluse () var ein fransk matematikar og skaparen av deskriptiv geometri.
Han var professor i Mézières i 1768 og i Paris frå 1780, først delt mellom dei to universiteta, og frå 1783 berre i Paris. Monge slutta seg med begeistring til den franske revolusjonen og vart seinare ein ven og medarbeidar av Napoleon Bonaparte, som han følgde til Egypt. Monge var marineminister 1792–1793. I 1795 vart han professor ved École normale og han var seinare hovudmannen bak opprettinga av École polytechnique, der han òg var professor. Etter Napoleon fall, kom han i unåde og levde tilbaketrekt.
Kjelder
Kategori:Folk frå Beaune Kategori:Franske matematikarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Franske marineministrar Kategori:Differensialgeometerar Kategori:Matematikarar på 1700-talet Kategori:Matematikarar på 1800-talet