MS «Oasis of the Seas» er eit cruiseskip ått av reiarlaget Royal Caribbean International. Det vart bygd i Åbo i Finland. Skipet er det nest største i verda.
31. oktober 2009 klokka 00:15 passerte ho under Storebæltbrua med ei klaring på 60 centimeter. Skipet, som er 7 meter for høgt for brua, klarte med teleskopiske skorsteinar og høg fart å kome seg under brua. I Florida i USA vart det installert tropiske plantar på skipet. Dette vart gjort fordi plantane ikkje toler temperaturen i Finland.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «MS «Oasis of the Seas»» frå , den 16. september 2011.
Kategori:Skip under Royal Caribbean International Kategori:Skip frå 2009