«You Belong in Rock n' Roll» er ein song av Tin Machine, gjeven ut på Tin Machine II i august 1991. Songen vart skriven av David Bowie og Reeves Gabrels og var den første singelen dei gav ut på Victory Records, som vart distribuert av London Records i Storbritannia.
Bakgrunn og innspeling Songen vart spelt inn i 1989 etter den første turneen til Tin Machin, og Gabrels brukte eitt år på å mikse og legge til fleire lydspor på songen, inspirert av Nine Inch Nails-albumet Pretty Hate Machine (1989). Gabrels sa at «You Belong in Rock n' Roll» i hovudsak starta «som ein bass-song. Eg ønskte å leggje nokre industrielle greier inn der.» Gabrels prøvde å bruke ein elektrisk barbermaskin for å påverke lyden på gitaren sin or songen, men enda opp med å bruke ein vibrerande dildo han kjøpte på ein lokal sex-butikk.
Singelen vart lansert med mykje marknadsføring, mellom anna ei framsyning på Top of the Pops, der Gabrels valde å spele gitar med eit rundstykke, og Wogan, der bandet igjen mima, og denne gongen spelte Gabrels på gitaren med dildoen. David Bowie såg ut til å vere synleg lei småpratinga til programleiaren. Singelen nådde 33. plassen på den britiske singellista, som var skuffande. Det vart likevel den største hitsingelen til Tin Machine.
Innhald 7"-versjon «You Belong in Rock 'n' Roll» (Bowie, Gabrels) – 3:33 «Amlapura» (indonesisk versjon) (Bowie, Gabrels) – 3:49
12"/CD-versjon 1 «You Belong in Rock n' Roll» (lang versjon) (Bowie, Gabrels) – 6:32 «You Belong in Rock n' Roll» (LP-versjon) (Bowie, Gabrels) – 4:07 «Amlapura» (indonesisk versjon) (Bowie, Gabrels) – 3:49 «Shakin' All Over» (Live) (Kidd) – 2:49
CD-versjon 2 «You Belong in Rock n' Roll» (Bowie, Gabrels) – 3:33 «Amlapura» (indonesisk versjon) (Bowie, Gabrels) – 3:49 «Stateside» (H. Sales) – 5:38 «Hammerhead» (Bowie, H. Sales) – 3:15
Medverkande Produsentar Tin Machine Tim Palmer
Musikarar David Bowie – vokal, gitar, saksofon Reeves Gabrels – sologitar Hunt Sales – trommer, vokal Tony Sales – bass, vokal Kevin Armstrong – rytmegitar
Konsertopptak Eit konsertopptak vart spelt inn under It's My Life-turneen i 1991 og gjeven ut på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby i 1992.
Salslister Liste (1991)Plassering UK Singles (OCC) 33
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You Belong in Rock n' Roll» frå , den 12. september 2021. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,
Kategori:Tin Machine-songar Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Reeves Gabrels Kategori:London Records-singlar Kategori:Victory Records-singlar