Iggy Pop () er ein amerikansk songar, låtskrivar, musikar og skodespelar.AOL Music Biography . Henta 12. okt. 2011. Sjølv om han av mange vert rekna som sjølve gudfaren innan punkrock, har Pop spelt innan mange sjangrar gjennom åra, som pop, metal, jazz og blues. Pop vart kjend som «Iggy» på high school, då han spelte trommer i eit lokalt bluesband, The Iguanas. Han var vokalist i det påverknadsrike protopunk-bandet The Stooges (Pop og dei gjenlevande medlemmane vart foreinte på ny i 2003), og er kjend for den skandaløse og ureknelege framferda si på scenen.

Sjølv om populariteten til songaren har minka gjennom karrieren, har Pop spelt inn mange kjende songar, som «Lust for Life», «Real Wild Child», «Candy» (ein duett med Kate Pierson frå The B-52's), «China Girl», «Nightclubbing» og «The Passenger».

Tidleg liv Iggy Pop var fødd i Muskegon i Michigan, som son av Louella (fødd Christensen) og James Newell Osterberg, Sr., ein tidlegare engelsklærar og baseball-trenar ved Fordson High School i Dearborn i Michigan.Trynka (2007): s.13–14 Osterberg voks opp i Ypsilanti i Michigan. Han er av irsk og engelsk opphav på farssida, og norsk og dansk opphav på morssida. Faren var adoptert av ein svensk-amerikansk familie og tok etternamnet deira (Österberg).

Musikkarriere Den tidlege perioden: 1960 til 1967

mini|The Prime Movers. Iggy Pop er i midten bak (delvis skjult). Osterberg byrja musikarkarrieren sin som trommeslagar i forskjellige high school-band i Ann Arbor. Eit band var The Iguanas, der han fekk kallenamnet Iggy. Etter å ha utforska bluesstilen til lokale band som The Prime Movers (med brørne Dan og Michael Erlewine), slutta han etter kvart på University of Michigan og flytte til Chicago for å lære meir om blues. Medan han var i Chicago spelte han trommer i bluesklubbar, i lag med Sam Lay (tidlegare i Paul Butterfield Blues Band) som delte kjenningane sine med Iggy. Inspirert av chicagoblues og band som The Sonics og The MC5, danna han the Psychedelic Stooges og byrja å kalle seg sjølv Iggy. Bandet bestod av Iggy på vokal, Ron Asheton på gitar, bror til Asheton, Scott, på trommer, og Dave Alexander på bass.

The Stooges: 1968 til 1975 Grunnlaget for scenepersonlegdomen til Iggy Pop vart lagt då han såg The Doors spele i 1967 på University of Michigan og var forbløffa over framferda til Jim Morrison. Den ekstreme oppførselen til Morrison, som frontman i eit populært band, inspirerte den unge Pop til å presse grensene for sceneframferder. Pop var den første artisten som gjorde ein stage-dive, som han starta på ein konsert i Detroit. Andre ting Pop gjorde var å rulle seg rundt i knust glas, blotte seg for publikum og spy på scenen.

I 1968, eit år etter etter den første konserten deira, og no kalla The Stooges, signerte bandet hans ein kontrakt med Elektra Records, og følgde igjen i fotstega til The Doors, som var den største artisten på Elektra på denne tida. Visstnok ringte Pop Moe Howard for å høyre om det var greit at han kalla bandet sitt «The Stooges», då Howard skal ha svart eg bryr meg ikkje kva de kallar dykk, så lenge de ikkje er «The Three Stooges!» før han la på. Dei første to albuma til The Stooges The Stooges (der Iggy til sin store misnøye er omtalt som «Iggy Stooge»), produsert av John Cale; og Fun House, selde dårleg. Kort tid etter at nye medlemmar kom inn i bandet, vart bandet oppløyst på grunn av den aukande heroinmisbruken til Pop.

I 1971 møtte Iggy Pop og David Bowie kvarandre på Max's Kansas City, ein nattklubb og restaurant i New York City. Karrieren til Pop gjorde eit sprang då Bowie i 1972 valde å produsere eit album med Pop i England. Med James Williamson som gitarist, byrja dei å leite etter ein rytmeseksjon. Sidan verken Pop eller Bowie var nøgde med nokre av musikarane dei vurderte i England, valde dei å gjenforeine The Stooges. Det vart ikkje ei full gjenforeining, sidan Dave Alexander, på grunn av alkoholisme, ikkje klarte å spele på albumet. Han døydde seinare i 1975. Ron Asheton flytta òg under tvil over frå gitar til bass for å gje plass til Williamson på gitar. Innspelingane førte til Raw Power. Etter at albumet kom ut kom Scott Thurston inn i bandet på keyboard og elektrisk piano og Bowie heldt fram å støtte dei, men dop-problemet til Iggy heldt fram. Den siste konserten til bandet enda med ein slåstkamp mellom bandet og ei gruppe motorsyklistar, noko ein kan høyre på albumet Metallic K.O. Dopmisbruket stoppa karrieren til Iggy igjen i fleire år.

Bowie og Berlin: 1976 til 1978 mini|Iggy Pop, 25. oktober 1977 på the State Theatre i Minneapolis. Etter det andre samanbrotet til The Stooges, gjorde Iggy Pop nokre innspelingar med James Williamson, men desse kom ikkje ut før i 1977 (som Kill City, tilskriven Iggy Pop og Williamson). Pop klarte ikkje å kontrollere dopmisbruket sitt og la seg sjølv inn på ein psykisk institusjon, UCLA’s nevropsykriatiske institutt, for å prøve å kome på beina att. David Bowie var ein av få som vitja han der, og han heldt fram å støtte venen og samarbeidspartnaren sin. Det gjekk òg rykte om at Bowie smugla inn kokain til Pop. I 1976 tok Bowie med seg kompanjongen sin på Station to Station-turneen. Dette var første gong Iggy Pop fekk oppleve ein storskala profesjonell turne og han var imponert, særleg over arbeidskapasiteten til Bowie.

Bowie og Pop flytta så i lag til Vest-Berlin for å kvitte seg med misbruka sine. I 1977 signerte Pop med RCA og Bowie hjelpte han å skrive og produsere The Idiot og Lust for Life, dei to mest kritikarroste albuma til Pop som soloartist. Det sistnemnde var i lag med brørne Hunt og Tony Sales, sønene til komikaren Soupy Sales. Av songane Bowie og Pop skreiv i lag finn ein «China Girl», «Tonight» og «Sister Midnight», alle seinare spelt inn at på ny av Bowie på hans eigne album (sistnemnde som «Red Money» på albumet Lodger). Bowie spelte òg keyboard på konsertane til Pop, og er mellom anna med på albumet TV Eye i 1978. Til gjengjeld song Pop korvokal på Bowie sitt Low.

Arista-albuma: 1979 til 1981 Iggy Pop vart etter kvart misnøgd med RCA og innrømde seinare at han gav ut TV Eye for å oppfylle kontrakten med RCA. Han flytta så til Arista Records der han gav ut New Values i 1979. Dette albumet var ein slags gjenforeining med Stooges med James Williamson som produsent og Scott Thurston, som kom inn på slutten av bandperioden, på gitar og keyboard. Ikkje overraskande var albumet i ein meir gitarprega stil ala the Stooges. Sjølv om det vert høgt verdsett av Iggy-tilhengjarar (somme føretrekk dette føre Bowie-samarbeida), var ikkje New Values ein stor salssuksess, trass i sterke songar som «Five Foot One» og «I'm Bored».

Albumet selde moderat i Australia og New Zealand, og dette førte til at Iggy Pop vitja dei to landa for å promotere albumet der. Medan han var i Melbourne gjorde han ei framferd på Australian Broadcasting Corporation sitt landsdekkande popshow Countdown. Under framføringa av «I'm Bored» gjorde ikkje Pop noko forsøk på å skjule at han mima til songen, og prøvde til og med å grafse på tenåringsjentene i publikum. Han vart òg intervjua av programleiaren Ian «Molly» Meldrum, noko som enda med at songaren hoppa opp og ned på stolen sin og ropte ut ting som «G'day mate» i australsk aksent. Countdown-framferda vert generelt rekna som eit av høgdepunkta i historia til showet og styrkte populariteten hans hos australske punkarar. Sidan då har han ofte turnert i landet. Då han var på New Zealand spelte Iggy Pop inn ein musikkvideo for «I'm Bored» og var på ein fest for plateselskapet der han klaska ei kvinne og helte vin over ein fotograf.The Dominion, July 16, 1979. "Iggy Pop sets tour scene" av Jane Clifton Medan han var i Australia var Iggy Pop òg gjest på eit direktesendt fjernsynsshow på Ten Network.

Under innspelinga av Soldier (1980), krangla Iggy Pop og Williamson om produksjonen (sistnemnde ønskte ein fyldig, Phil Spector-liknande lyd) og Williamson fekk sparken. Bowie er med på songen «Play it Safe» og syng korvokal med gruppa Simple Minds. Dette albumet og oppfølgjaren Party (1981) var begge kommersielt mislukka, og Iggy Pop vart sparka frå Arista. Dopmisbruket hans varierte i denne tida, men var likevel til stades.

1980-åra mini|venstre|Iggy Pop, Cardiff i 1979 mini|Iggy Pop i 1987.

I 1980 publiserte Iggy Pop sjølvbiografien sin I NEED MORE, skriven i lag med Anne Weher frå Ann Arbor. Boka, som inneheld ei utval svartkvit-bilete, har eit forord av Andy Warhol. Warhol skriv at han møtte Iggy då han var Jim Osterberg, på Ann Arbor Film Festival i 1966. «Eg skjønar ikkje kvifor han ikkje er verkeleg stor», skreiv den eine Pop-kunstnaren om den andre. «Han er så god».

I 1982 kom albumet Zombie Birdhouse på Chris Stein sitt Animal-selskap, med Stein sjølv som produsent. Det selde ikkje noko betre enn albuma på Arista, men igjen i 1983, hadde Iggy Pop hellet med seg då David Bowie spelte inn ein versjon av songen «China Girl». Songen som opphavleg vart gjeven ut på The Idiot vart ein stor hit frå det storseljande Bowie-albumet Let's Dance. Som medlåtskrivar av songen, fekk Pop store honorar. På Tonight i 1984, spelte Bowie inn ytterlegare to av songane dei skreiv i lag, denne gongen frå Lust for Life, «Tonight» og «Neighborhood Threat», og Iggy Pop var for ei kort stund sikra finansielt. Støtta frå Bowie gjorde at Pop kunne løyse problema sine og han tok ein tre år lang pause der han kvitta seg med heroinmisbruket sitt og tok skodespelartimar.

I tillegg medverka Iggy Pop med tittelsongen til filmen Repo Man frå 1984 (med Steve Jones, tidlegare frå Sex Pistols, på gitar) samt ein instrumental kalla «Repo Man Theme», som vart spelt under opninga av filmen.

I 1985 spelte Pop inn nokre demoar med Jones. Han spelte desse demoane for Bowie, som var imponert nok til å tilby seg å produsere eit album for Pop: det New Wave-aktige Blah Blah Blah i 1986, med singelen «Real Wild Child», ein cover av «The Wild One», opphavleg innspelt og skriven av den australske rock 'n' roll-pioneren Johnny O'Keefe i 1958. Singelen nådde Topp 10 i Storbritannia og vart ein stor hit verda over, særleg i Australia, der dei siste 20 åra har vore kjenningsmelodien for ABC sitt musikkvideoshow Rage. Det er det næraste Pop har vore kommersiell suksess. Blah Blah Blah var det høgast plasserte albumet Pop gav ut i USA sidan The Idiot i 1977, med ein 75. plass på Billboardlista.

I 1985 kom filmen Rock & Rule med framferder av Iggy Pop og Lou Reed for karakteren Mok. Pop-songen i filmen var «Pain & Suffering» for avslutninga av filmen.

I 1987 var Pop med (i lag med Bootsy Collins) på det nesten instrumentale albumet Neo Geo av den japanske komponisten Ryuichi Sakamoto. Musikkvideoen for «Risky», var skriven og regissert av Meiert Avis, og vann den første prisen for beste nykommar på MTV Video Award. Iggy Pop, som syng på «Risky», er ikkje med i den banebrytande videoen.

Oppfølgjaren til Blah Blah Blah var Instinct (1988), og var ei ny musikalsk retning igjen. Den enkle, gitarbaserte stilen lente seg attende mot the Stooges meir enn noko anna soloalbumet av Iggy Pop frma til då. Plateselskapet hans, som truleg hadde venta seg eit nytt Blah Blah Blah, droppa hans. King Biscuit gjorde eit opptak av Instinct-turneen (med gitaristen Andy McCoy og Alvin Gibbs på bass). I lag med rocke-advokaten Stann Findelle fekk Pop songar på fleire filmar i 1989, som «Living on the Edge of the Night» i Ridley Scott-thrilleren Black Rain og «Love Transfusion» i Wes Craven sin Shocker.

1990-åra