«I Wanna Be Your Dog» er ein song frå 1969 av det amerikanske rockebandet The Stooges. Songen vart gjeven ut på debutalbumet deira. Det minneverdige riffet, som berre består av tre akkordar (G, F♯ og E), går om att og om att gjennom songen (bortsett frå eit firetakts mellomspel) Med den kraftig forvrengde gitaren, hamrande, enkle pianotonar spelt av produsenten John Cale og ein jamn, drivande rytme, vart The Stooges eit særs tidleg døme på heavy metal og punk-stilen. Teksten har vorte skildra for å ha framkalla kjensla av sleipheit og avsky for seg sjølv, eit monument til kjensla av keisemd og framandgjering i det arbeidarprega og industrielle Michigan seint i 1960-åra. Denne skrivemåten vart mykje nytta seinare av Sex Pistols og Public Image Limited. I 2004 vart songen rangert på 438. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Medverkande Iggy Pop: vokal Ron Asheton: gitar Dave Alexander: bass Scott Asheton: trommer John Cale: piano, perkusjon
Andre versjonar Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Nirvana, Misfits, Slayer, GG Allin, Frankenstein Drag Queens From Planet 13, Joan Jett and the Blackhearts, Vicious White Kids, Red Hot Chili Peppers, Sonic Youth, Cage the Elephant, Mission of Burma, Chris Whitley, Swans, Uncle Tupelo, Alejandro Escovedo, Emilie Simon, Styles of Beyond, Forgotten Tomb, The House of Love, Breathing Fire, Ida Marie, Stereophonics, Las Ultrasónicas, Pat MacDonald, David Bowie, The White Stripes, Mephisto Walz, Atari Teenage Riot og mange fleire.
Slayer spelte ein parodiversjon av songen kalla «I'm Gonna Be Your God» for albumet Undisputed Attitude.
I 2007 framførte R.E.M. songen i lag med Patti Smith då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Populærkultur Songen er vorte nytta i filmane Lock, Stock and To Smoking Barrels, Transporter 3, Friday Night Lights, The Crow: City of Angels (der Iggy Pop spelte rolla for Curve), Crimson Rivers II: Angels of the Apocalypse, skateboardvideoen av Flip kalla «Sorry», ein episode av fjernsynsserien Skins (Episode 2.9: «Cassie»), ein episode av komiserien How I Met Your Mother (Episode 2.16: «Stuff»), The Runaways og i filmen Sid and Nancy.
Han er òg vorte nytta i videospela Vietcong og Grand Theft Auto IV.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Wanna Be Your Dog» frå , den 14. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:The Stooges-songar 445 Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:The Stooges-songar Kategori:Songar skrivne av Iggy Pop Kategori:Songar produserte av John Cale Kategori:Sid Vicious-songar Kategori:Sonic Youth-songar Kategori:Joan Jett-songar Kategori:Richard Hell & The Voidoids-songar Kategori:Slayer-songar Kategori:Pere Ubu-songar Kategori:Uncle Tupelo-songar Kategori:Moby-songar Kategori:David Bowie-songar