Instinct er det niande studioalbumet til den amerikanske songaren Iggy Pop, gjeve ut i juni 1988 på plateselskapet A&M.
Etter det særs popaktige og radiovennlege Blah Blah Blah venta A&M eit nytt hit-album frå Pop, men i staden spelte han inn eit tungt, hardrockalbum. Det var meir retta mot heavy-metal med Steve Jones på gitar.
Albumet nådde 110. plass på albumlista i USA.
Den første singelen frå albumet, «Cold Metal», nådde 37. plass på Mainstream rock-lista og Iggy vart nominert til Grammy-prisen for beste hardrock/metal-framføring i 1989.
Albumet vart rangert på 69. plass på lista til Kerrang! over dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene.
Det vart laga videoar for «Cold Metal» og «High On You».
Innhald
Medverkande Iggy Pop: vokal Steve Jones: gitar Seamus Beaghen: klaverinstrument Leigh Foxx: bass Paul Garisto: trommer Jeff Bova: programmering - Cmi Nicky Skopelitis: programmering - klaverinstrument
Teknisk Robert Musso - innspeling Martin Bisi - vokalteknikar Gary Grimshaw - design Donald Krieger - grafikk Paul McAlpine - fotografi
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Instinct (Iggy Pop album)» frå , den 21. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iggy Pop-album Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Bill Laswell