«I've Been Loving You» er debutsingelen til Elton John frå 1968 med tekst av Bernie Taupin. B-sida «Here's to the Next Time» er skriven av Elton John aleine. Songen vart ikkje gjeven ut på noko album og singelen vart trekt tilbake kort tid etter han kom ut. Singelen vart først gjeven ut i plateboksen Rare Masters i 1992, då i ein ny stereomiks.

Singelen er særs sjeldan og ein kopi seld på eBay i 2009 gjekk for $782,73. Ein enno sjeldnare EP-versjon med fire songar, berre gjeven ut i Portugal, inneheld òg songane «Thank You For All Of Your Loving» (skriven av Elton John og Caleb Quaye) og «The Angel Tree» (skriven av John/Taupin). Eit eksemplar av denne vart i 2007 seld på eBay for $2 551.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I've Been Loving You» frå , den 25. oktober 2011. oppgav desse kjeldene: http://www.eltonography.com/singles/UK_7_1960.html

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Debutsinglar frå 1968 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Philips Records-singlar