Jan Olaf Roaldset () er ein norsk tidlegare skihoppar frå Molde. Han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1968, med stor margin til toaren Topi Mattila. Same året fekk han sølv under noregsmeisterskapen i Skuibakken, berre 0,2 poeng bak gullvinnaren Bjørn Wirkola. Roaldset deltok for Noreg i Vinter-OL 1968 i Grenoble med 13. plass i storbakken og 21. plass i normalbakken.

Roaldset representerte Idrettslaget Hjelset-Fram, saman med lagkameratane Hans Jørgen Næss og Ingolf Mork vart han ofte kalla for Hjelset-trioen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1968: Nr 1 i Svenska skidspelen i Falun. Nr 13 i storbakken under Vinter-OL 1970: Nr 10 i Svenska skidspelen i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1965: Nr 7 i storbakken i Bærum Ski-NM 1967: Nr 11 i normalbakken i Mo i Rana Ski-NM 1968: Sølvmedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1969: Nr 5 i storbakken på Odnes Ski-NM 1970: Nr 5 i storbakken i Meldal

Roaldset er svigerfar til Håvard Bjerkeli.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Molde