Aberfeldy (skotsk-gælisk Obar Pheallaidh) er ein by i regionen Perth and Kinross i Skottland. Historisk sett er det innanfor området Atholl. Han har kring 2 000 innbyggjarar.
mini|venstre|Den gamle vassmølla i Aberfeldy, no ein bokhandel.
Aberfeldy ligg ved elva Tay, om lag 5 kilometer frå utspringa til elva i Loch Tay. Næraste større by er Perth, kring 30 kilometer søraust for Aberfeldy.
Robert Burns skreiv eit dikt kalla: The Birks of Aberfeldy.
J.K. Rowling, forfattaren av bøkene om Harry Potter, eig herskapshuset Killiechassie House like ved Aberfeldy.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aberfeldy» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Perth and Kinross