Auldhame og Scoughall er to grender i East Lothian i Skottland. Dei ligg nær byen North Berwick og landsbyen Whitekirk, og om lag 40 km aust for Edinburgh.

mini|venstre|Åker i Auldhame med utsyn mot Bass Rock. mini|Auldhame Castle. Den kristne misjonæren og helgenen Baldred skal ha halde til ved Auldhame på 700-talet, som einebuar på klippa Bass Rock og som geistleg på fastlandet. Då han døydde gjorde dei tre sokna Auldhame, Tyninghame og Prestonkirk alle krav på leivningane hans. Ifølgje soga gav ein heilag mann det rådet at ein skulle tilbringa ei natt i bøn, og om morgonen var det ved eit mirakel tre lik klare til gravlegging i kvar av kyrkjene. Arkeologiske utgravingar har gjort funn som tyder på at det var eit klostersamfunn her på denne tida. Klosteret kan ha blitt øydelagd gjennom vikingherjingar på 900-talet.

Advokaten og diplomaten Adam Otterburn, som var rådgjevar for kong Jakob V av Skottland, budde i Auldhame på 1500-talet. Han bygde truleg Auldhame Castle, som ein kan sjå ruinane av i dag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Auldhame & Scoughall» frå , den 4. november 2011.

Kategori:Byar og landsbyar i East Lothian