Boudry er eitt av seks distrikt i kantonen Neuchâtel i Sveits. Distriktet, som ligg på vestbreidda av Neuchâtelsjøen, hadde 38 866 innbyggarar i 2010 og dekte eit areal på 105,6 km².

Distriktet Boudry omfattar femten kommunar. Peseux og Colombier er dei to kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Distriktet har namn etter den tredje mest folkerike kommunen; Boudry. Dei andre kommunane er Auvernier, Bevaix, Bôle, Brot-Dessous, Corcelles-Cormondrèche, Cortaillod, Fresens, Gorgier, Montalchez, Rochefort, Saint-Aubin-Sauges og Vaumarcus.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boudry (district)» frå , den 10. november 2011.

Boudry