Peder Olsen Helle (), òg kjend som Helle-Pe og Klanet-Pe, var ein norsk gardbrukar, skogsarbeidar og spelmann som budde på garden Skauset på Ertvågsøya på Nordmøre.

Peder var fødd i Vistdal i Romsdal. Familien hans kom til Skauset i Aure medan han var ungdom. Helle spela klarinett, eller «klanet» som det vart kalla på aurgjelling. Fyrst på 1800-talet var det mange klanetspelarar i Aure, men Helle vert rekna som den fremste og den siste av folkemusikklanetspelaren i Aure. Han spela ofte bruramarsjen i bryllaup og det finst fleire slåttar etter han. Så seint som i 1920 var han med i ein kappleik i Kristiansund.

Kjelder Orten, P.E., Den nye dagen gryr - Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000. Kyrkjebøker for prestegjelda Nesset og Aure.

Kategori:Ertvågsøya Kategori:Folk frå Aure Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet