Ellen Sofie Solbrække () er ein norsk lokalpolitikar frå Arbeidarpartiet. Ho er ordførar i Rakkestad kommune frå 2011.

Arbeidarpartiet samarbeider med Venstre og Kristeleg folkeparti om makta i Rakkestad. Solbrække vart den fyrste kvinnelege ordføraren i Rakkestad, og den første ordføraren frå Arbeidarpartiet. Solbrække vart attvald som ordførar etter kommunestyretvalet i 2015. Arbeidarpartiet fekk 32,2 prosent av stemmene, og gjekk fram med 7,6 prosent.Solbrække fortsetter - NRK/Østlandet 15. september 2015. Besøkt 24. januar 2017

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ellen Solbrække» frå , den 11. november 2011.

Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Rakkestad Kategori:Ordførarar i Rakkestad