Henri Léon Lebesgue () var ein fransk matematikar.

Han var professor ved Collège de France i Paris frå 1921. Lebesgue er mest kjend for arbeida sine i matematisk analyse, der han innførte eit nytt integralomgrep (Lebesgue-integral) som er av grunnleggande tyding i mange område av matematikken og i bruksområda til matematikken. Han vert ofte rekna som ein av grunnleggarane av den matematiske målteorien.

Kjelder Henri Léon Lebesgue. (2011-11-15) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Henri_Léon_Lebesgue

Kategori:Folk frå Beauvais Kategori:Franske matematikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1900-talet